Skip to main content

Friluftsliv

NASJONALPARK – Nasjonalparken med tilliggjande landskapsvernområde vart opna 14. mai 2005 av Dronning Sonja. Den femner om areal heilt frå fjord til fonn, og den har store landskapskvalitetar som også blir framheva internasjonalt.

Folgefonna

Er landets tredje største isbre. Ho er 37  km lang, 16 km brei og dekkjer eit område på 225 km2. Høgste punktet på breen er 1662 moh. Den fleire tusen år gamle isen som kjem fram i brefalla vart fødd som ei snøbyge på topplatået.

Snøkrystallane vert til is når dei vert pressa nedover av ny snø, og startar den lange vandringa mot botnen av breen. Til slutt er tyngda av breen så stor at den eldste isen vert ført ut gjennom dalar og søkk, til brearmane.

Ænesdalen og Bondhusdalen landskapsvernområder

Desse områda har ein eigenarta og vakker natur med store  opplevingskvalitetar frå dalføra og opp mot høgfjellet. Dalane har vassrike elvar, viktige geologiske førekomstar og biologisk mangfald. Meir informasjon om Folgefonna Nasjonalpark finn du på sida: 

http://www.folgefonna.info/

Jeg er litt småsvak for de svære fjellene der vest, islyset fra fonnene, og havet som stikker fingrene inn her for å kjenne om vi ennå er blandt de levende, - og for de store stillhetene

Rolf Jacobsen

Turstiar

Turområdet kring Ænes og Mauranger er eineståande. Om ein går i lette sumarsko på god grusveg, eller om ein kliv seg opp mot høge utsiktspunkt med tung sekk, tvingar det visuelle bildet av den mektige og ville naturen seg fram.

Turane under stiller ulike krav til rørsletrening, men vil alle garantert gje deg minner å smaka på i lang tid framover.

 

Ænes – Sætra – VatnastølenT1

Tid: ca 45 min til Sætra, 2,5 t til Vatnastølen ein veg. 

Kategori: Passar for alle.

Turen går på god traktorveg som følgjer elva som svingar lett innover dalen. 

Her er skogrikt og stille og ein føler på kroppen kor fint det kan vere  ‘å gå ein tur på stien og høyre skogens ro’. Vegen er velegna for sykkeltur. Innerst inne i dalen opnar landskapet seg ved Vatnastølen. 

 

Sundal – Bondhusvatnet – Vetledalen – Bondhusbreen   T2

Tid: 0.5 t til Bondhusvatnet og 1,5 t til Vetledalen ein veg.

Kategori: Passar for alle.

Turistar har valfarta inn Bondhusdalen sida 1800 talet for å oppleva storslått  natur. Turen er lett å gå, eller sykle på ein grusveg som ber på ei historie. 

Traseen vart i si tid nytta til å frakte eksklusive isblokker ned til fjorden, derav namnet Isvegen. Går du heilt inn til Vetledalen får du oppleva Bondhusbreen andlet mot andlet.

 

Sundal – Fynderdalen – Pyttabreen   T3

Tid:  2,5 t til Fynderdalen og 3,5 t til Pyttabreen ein veg.

Kategori: Passar for alle med normal fysisk form, bratt opp lia langs elva.

Du følgjer stien rundt Bondhusvatnet som turen over, men etter du har passert bruene som tar deg over Pyttaelva følgjer du stien opp langs elva. Vel framme i Fønderldalen vil du oppleve ei idyllisk atmosfære. Brevatn fossar ned steile fjell frå fleire kantar og blir samla opp i Fønderdalsvatnet, sauebjøller i det fjerne, vinden raslar i bjørkelauvet, tida står stille!  Ein avstikkar til utsiktspunktet Hovden er naudsynt. Her ser du heile Bondhusdalen, eller du kan kikka på breen som virkar nærgåande. Turen går så vidare til Pyttabreen, Vestlandets mest bortgøymte brearm, dersom ynskeleg. 

 

Sundal – Gardshammar – BreidablikkFonnabu   T4

Tid:  1 t til Hillerslistova,  3 t til Gardshammarsætra,  6 t til Fonnabu ein veg.

Kategori: Normal fysisk form til Gardshammar, god form til Fonnabu.

Turen er den mest nytta for å koma seg opp på Folgefonna. Ein kliv seg opp Hillerslia lettare en forventa, då Gardshammarveien, også kjent som Keisarstien, slyngar seg fram og tilbake med passeleg stigning. Eit stykke opp i lia ligg ‘Hillarslistova’. Det er ein diger hedlar som er eit turmål i seg sjølv, berre 5 min frå traseen. Turen opp hit meistrar borna fint. Ved Gardshammarsætra har du ein fantastisk utsikt nedover Bondhusdalen og er ein naturlig rasteplass på vegen mot Fonnabu.  

 

Markjelke – Hardingaskaret – Hundsøyra 1464 m o.h.   T5

Tid:   2,5 t til Hardingaskaret,  4 t  til Hundsøyra ein veg.

Kategori: Turen til Hardingaskaret krev normal fysisk form, til Hundsøyra god form, då det blir meir stigning og ein må forventa å gå attende også.

Fantastisk utsikt utover fjorden frå Hardingaskaret. Turen er merka med dei kjende raude T-vardane. Beina tar deg raskt fram då det er god bergrunn å gå på i slakk stigning. Dette er også ein flott skitur om våren.

 

Starten av den eldste rideveg over fonna: Austrepollen – Lonelia – Mysevatn T6

Tid: ca 2.5 t ein veg, T- merka.

Kategori: Normal god form, varierande stigning.

Parkering og start ved bompengebua, ein går så inn til tunnelopninga og følgjer grusveg til venstre. Bygdafolket har restaurert deler av stien, og lagt ned eit flott arbeid med ny bru og fleire opplysningsskilt. 

Når ein følgjer stien oppover ser ein restar etter flotte murar frå då ridestien vart laga. Når ein kjem til topps ved Mysevatn er det flott utsikt, og ein kan beskua moderne murarbeid, nemleg Statkraft sin steinfyllingsdam. Ein kan også gå vidare mot Hundsøyra og Folgefonna.

 

Nordrepollen – Flatebødalen – Katturo T7

Tid: 1,5 t ein veg

Kategori: Passar for alle, spesiell fin tur for borna. 

Start frå Flatebø eller Træ på venstre side av grustaket. Ein går så attmed Tveitelva innover Flatebødalen og kjem så til stølen Katturo.

 

Gjetingsdalen –  Norddalen T8

Tid: 1 t ein veg

Kategori: Passar for alle.

Starten går frå garden Bakke i Gjetingsdalen, og ein går først på traktorveg.

Når ein kjem litt innover kan ein svinga til venstre og gå utover mot Utigardssæter og Måvatn. Fortset ein innover kjem ein til Sjåhaug, derifrå ser ein Norddalsætra som ligg på ei lita høgd i dalbotnen, omkransa av toppar som Solbjørg 1300moh, Djupeskardknotten i nordaust og Storafjellet i søraust.

 

Toppturar

Er du ein av dei som samlar på toppar å bestige finn du mange gode alternativ i fjellheimen her. Desse turane kan det vere lurt å ha med kjentsfolk, for å unngå å gå i skårfestet.

Ænes – Gygrastol    1308 m.o.h

Sundal – Nipafjellet  919 m.o.h

Fynderdalshorga  1448 m.o.h  

Austrepollen – Ripelsåta 1087 m.o.h

Nordrepollen – Reppakruna 1075 m.o.h

Kvinnherad byr på andre populære område for fjellturar, les  her

Husk! Lat att grindane og hald hunden i band. God tur!

Fiske

I bygdene våre er det mange moglegheiter for fiske i fjorden,elvane og fjellvatna. Nokre stader er det krav om betalt statleg fiskeavgift og fiskekort.

 

MAURANGERFJORDEN

Både Ænes camping og Sundal camping leiger ut båt og eventuelt utstyr.

 

ÆNESELVA

Mykje sjøaure, sparsomt med laks. Gode muligheter for flogefiske inne i dalen.

Sesong: 15.juli – 15.sept.

Døgn og vekekort: Ænes camping, tlf. 53 48 45 71 

 

UTLØPET I FUREBERGSFOSSEN

Sesong: heile året

Fiskekort: ingen

Det er forbode å fiska frå brua.

 

BONDHUSELVA

Laksefiske, forbudt å fiska sjøaure den er freda.

Sesong: 15.juni – 15.sept.

Døgn og sesongkort: Sundal camping, tlf. 53 48 41 86

 

KANALUTLØPET I AUSTREPOLLEN

Utløpet munnar ut i Maurangerfjorden, så her kan ein og få allslag sjøfisk på kroken.

Dei fleste er nok ute etter laks og aure.

Sesong: heile året

Fiskekort: Jakob Gjerde, tlf. 53 48 41 71

 

FJELLVATNA

Det er krav om fiskekort i Bondhusvatnet, Botnavatnet og Fønderdalsvatnet.

Kort er å få kjøpt hos Sundal Camping, tlf. 53 48 41 86

Når det gjeld andre fjellvatn, så ta kontakt med den enkelte grunneigar.

 

SKITT FISKE!