Nok er nok

 

Nedslåande fartskontroll
 Søndag ettermiddag var det på ny fartskontroll i Sundal sentrum og nok ein gong med eit svært nedslåande resultat. På nokre få timar mista to lappen, der den eine køyrde 100 km/t i 50 km/t sona. Ti førar fikk forenkla førelegg for for høg fart. Kan me godta dette lenger?

Når kjem fartshumpane
På eit bygdemøte i Mauranger i september 2017 der mange politikarar deltok var den hasardiøse køyringa i Sundal også eit tema.  Då reiste den eine etter den andre politikaren seg og lova pengar til trafikksikring gjennom fartshumpar.  Det burde etterkvart vera veldokumentert at farten gjennom Sundal generelt er for høg og til tider uforsvarleg høg, og det er på tide å handle. Kvifor skal det vera så vanskeleg å få fartshumpar her når det poppar opp fartshumpar i alle omkransande stader som Rosendal, Odda, Nå og Jondal.

Det er også på tide å få ned farten på lik linje med nemde dei stadene. I Rosendal, Odda og Jondal, er det innført 30 km/t sone medan på Nå er det 40 km/t sone.