 | | Bondhusbreen |
BONDHUSBREEN Bondhusbreen høyrer til dei aller første turistattraksjonane i Noreg, og er i dag ein av dei største turistmagnetane i Kvinnherad og på Vestlandet. Kvart år valfartar tusenvis av turistar innover Bondhusdalen for å sjå den vakre dalen, Bondhusvatnet og breen. Frå Sundal og inn til Bondhusvatnet er det fin grusveg å gå på, og turen tek 45 min. Vidare inn til breen er det sti, og ein reknar ein times gange frå vatnet. To forhold er viktige for at ein bre skal verta danna. Desse er vinternedbør og sommartemperatur. For at det skal bli ein bre må nedbøren om vinteren vera større enn smeltinga om sommaren. På Folgefonna kjem det c.a 5000mm nedbør i året, det tilsvarar oppimot 10 meter snø. Tyngda av denne snøen pressar isen ned i dalane. |