FJORDRAFTING For dei som har lyst på mykje vind i håret, eller elskar fart og spenning på sjøen, kan Helge Enes tilby fjordrafting og båttaxi. Han har eit fartsvidunder av ein båt som susar forbi det meste. Spenn fast flytedressen og opplev fjordane våre på ein ny måte. Enes Fjordrafting arrangerar turar for firma, organisasjonar, eller andre som ynskjer ei fartsfylt oppleving til sjøs. Båt: 25 fot, Valiant 750 R.I.B med 225 hk.motor, maks 12.personar. Utstyr: Alle deltakarar får utdelt flytedress og briller. Ta med hanskar, hue og gode sko. Kontakt: Enes Fjordrafting tlf. 53 48 45 25, mob.930 17 931, epost: helge.enes@knett.no |