Kontakt oss | Ænes og Mauranger Bygdalag | | 5476 Mauranger | | Redaksjon: | | Ottar Eide | 90067577 | | Eva Sundal | 91703511 | | Ingfrid Øyre | 90827540 | | Tore Bondhus | 47620215 | | Mail: post@mauranger.no |
Lenkjer |
På Folkemunne | | | | | | | | | | | | | | | | | | | | | | Kven er eg: Kjersti Bondhus Kor mange vintrar har eg: 63 Kva syslar eg med: Bunadsying og litt koking Favoritt Habitt: Bukse og genser Kva gjer meg heit: Når det er knute på tråden | | | Eg utfordrar: Gro Mette Fredheim Tidsfrist : 15. Februar bruk responsskjema Send inn di historie | | | | | | No skal du høyra.... No skal du høyra.... For mange år sidan, den gong HSD hadde hand om bussrutene i Kvinnherad, hende dette: Ei bondekone frå indre luten hadde nokre frittgåande høner. Rett ofte hende det dei tok seg ein tur over bilvegen. Ein dag vart ei av dei overkøyrd av HSD-bussen. Sjåføren vart lei seg og ville gjere opp for høna. Kona og han vart einige om at ho skulle få reise gratis med bussen når ho trong da. No hende det ein dag ho skulle på reis at det var ein anna sjåfør. Kona gjekk inn og sette seg, sjåføren ville ha penger for turen, men då svarte kona: \'Nei du, eg reiser på høno mi eg!\' Redaksjonen har starta på ei historie som me ikkje veit korleis endar. Kvar forteljar i denne spalta vil skrive historia vidare med ein setning eller to. Heng med og sjå kvar som skjer på turen. | | | Ein tur i Bondhusdalen Eg gjekk ein tur i Bondhusdalen ein morgon for å finne meg sjølv. Då høyrde eg frå Hidlarslia(1).. ...den fagre huldra Herborg koma syngjande på 'No skal me plukka monstermaster i Hardanger', Ho var nyleg utnemd av Regjeringa som inspektør for all kraftutbygging i Noreg, no var ho på veg ned til Ola-løo(2). I det Herborg går nedover den flotte dalen går det plutselig kaldt nedover ryggen på ho. Ho får brått ei kjensle av å bli forfulgt (3). Då ho kikkar seg over skuldera, ser ho han monster Terje Riis Johansen kjem trampande med ei høgspentline rundt halsen(4). Då utbraut Herborg: Korleis i allverda har du greidd detta Terje? -Me får gå ned til Olav Bondhus, som jobbar i kraft-verket, for å få knytt deg opp(5). | | | Men no viste det seg at Olav K. ikkje var heime. -Då får vi gå bort til den andre kratverkskaren, Harald F. for å sjå om han kan hjelpa deg,sa Herborg. Han var på vedaskog iAustrepollen, langt oppe i lia ovanfor anleggskaien, så det hjalp ikkje det heller.Då fann dei ut at Trygve var rette mannen, han har mykje godt verktøy. Då dei komtil Trygve, vurderte han nøye lina rundt halsen på Terje Riis Johansen. Etter ei stund sa Trygve: Eg trur eg sender deg opp att i dalen med lina på, så viklar me ho ut oppover Keisarstien slik at me får innlagt straum på Gardshammar(6). | | | Litt innom Smihaug møtte dei Gislaug og Ronja som hadde vore ein tur innover dalen. -Sei meg, har de mista retningssansen? spurde Gislaug. -Var det ikkje dåke eg såg koma nedover her tidligare i dag? Og du Terje har framleis 'kveilen' rundt halsen, ser eg. Monster Terje ville oppklare: -Ja, me kjem nettopp frå Trygve, og han....-De kan snu her, avbraut Gislaug bestemt. -Sjå dåke rundt, Har me ikkje nok høgspentliner her?(7) Saktens enig med Gislaug, seier Herborg, som kjem nynnande frå Olaløa med ein bunt med mjølkekaker. Ho inviterar til picknik og songkonsert på Sandavollen(8).. saman med det lokale song-talentet Sini Næs. Herborg blir jo veldig imponert, gløymer nesten kvifor ho er på Sandavollen. Men så kjem ho på det og snur seg mot Monster Terje:(9) -Men Terje! Kan du ikkje gå med lina vikla rundt halsen så erklærer me deg for ordførar over Bondhusdalen? Men då svarte Monster Terje:(10) -Ordførar???? resten av svaret hans forsvann i lyden frå ein gitar. Scenen vart entra av Gunnar Onarheim som skulle promotera den nye cd`n sin. | | | Dronning Sonja kom på sin årlege spasertur i Bondhusdalen, og ho vart bergteken av den artige trubaduren. Ho fekk backstage pass(11)...til konserten han skulle ha i samfunnshuset same kveld. Han hadde fått ein fantastisk ide, han ville spør henne om ho ville bli ven med han på Facebook.(12) Ja dette var eit godt fåfunn, han venta spent på svar frå Dronninga. men det gjekk nokre dagar, så kimte telefonen, - ja, hallo dette er Harald!, jeg skal hilse frå Dronningen, hun er så begeistret, tenk at hun av alle var valgt, å bli venn med Gunnararen, hun er helt måløs så jeg måtte ringe. Til høsten vil jeg komme på 'Guttatur til den vakre Bondhusdalen. (13) | | | Når Heborg får nyss i denne store begivenheten som skal skje til hausten,føreslår ho spontant at Harald må få vera med ' Natteravnane' på nattsverming etter hjort (14). Herborg er dessutan svært oppglødd om dagen, for Audun skal byta ut graset med almelauv til vinterfor, slik som i gamle dagar. Difor synest ho både kongen og dronninga skal koma, men Sonja nekta Harald å driva med nattlige sysler så ho har avtala med Sveinung om utsett av storlaksar i Øykjahølen, som han kan fiska etter, medan ho er ein svippar til Fonnabu.(15) | | | -Nei , protesterer Harald, eg er vorten for gamal til å springa elvelangs. Eg skal ta kontakt med slektningen vår, svenskekongen, så kan me koma att her neste år og opna ein slik klubb som han likar gå på. -God ide, skal me prøva få hand om Kroa? undrast Sonja. -Nei det blir fordyrt, men her står mange ubrukte skulehus. -Austrepollen då? Nei det er for dårleg stand, Nordrepollen må vera midt i blinken no i anleggstida. -Er du på styr kjerring, kjem det kvast frå Harald. -Øydeleggja Nord -Europas finaste stad med slikt vas, og verta oversvøymdeav tyskarar som heilt sluttar å gå på Reperban i Hamburg. (16) | | | -Ja, men kjære Harald, seier Sonja. -No når anleggstida snart er over, får Rheperbahnen ein stor opptur.Tyskaren kjem aldri inn til Nordrepollen. Dei blir ståande i Austrepollen og vente på grønt lys. Vi kan bruke grendahuset i Gjetingsdalen. Der er det utrolig vakkert. Mette Marit anbefaler dalabrusen og(17).....…. | | | ... dermed var heile sirkuset i gang. Dei har tradisjon for å hive seg rundt og trø til i Gjetingsdalen nor et kvart ekstra skal skje. Skulestova laut fiksast i ein fart. Raude plyssj tapeter på veggene og runde bord med grøne dukar på. Kjøkendøra vart hengsla av og erstatta med ein blank og fin nysnikra bardisk. Her sku Dalabrusen få bein å gå på. Dei runde lampane i taket vart skifta ut med slike som sviver rundt og sender lystjerner over tak og vegger. Borte på Bråttun hadde dei det og travelt. Eine enden av løa vart sopa reint for høy og apperatet innstalert. So vart det henta inn det som fantes av råvarer i heile dalen. Det var ikkje så mykje som ein gammal epleskront å oppdriva då dei var ferdige. Her sku da satsast for Kongen og fedrelandet. Ja også svenskekongen då sjølvsagt. Då var det ein som glytta fram frå bardisken i skulehuset med spikrar i munnviken og hammar i neven og lurte på om ikkje det hadde vore ein god ide og fått innleigd nokre dansarar. Slike can can dansarar som helde tak i stakkakanten, sparkar med føtene og viser fram underbuksene sine. | | | Og som sagt så gjort. Det var aventert i onsdags utgåva av Grenda og allerede til helga kom dei fyrste svara med posten. Det var mange søkarar i alle aldrar og kategoriar og tre av dei mest aktuelle….(18) ..var godt egna til jobben meinte komiteen. Magne reiste fra campingvogna og lika til Dalen for å takka for at kjerringa sto på lista. Ja ho lika å opptre, vera litt frampå meiner eg sa han og strakte handa fram og takka leiaren i komiteen. Kanskje imeste laget for leiaren måtte ned på kne og satte i eit gaul så da ”joma” i adle fjell. Da blei og sakt at satellitt no. 007 til Johs. Bond Vitenskaplige Institutt hadde observert store mørke flekkar på Folgefonna, nåko som seinare viste seg og berre væra flokkar av hjort som var rømt til fjells. Lydnivået vart og målt til heile 3G (1G = Gunnaren på max). Ja da va so gale at sjølv katten til Norvald rista på hovudet.(19). | | | Etter ei vellukka dag i Gjetingsdalen, var alle vel nøygde, nær så Norvald og Katten som hadde fått varig mein. Dyrlegen kunne bekrefta at katten hadde mista høyrsla på begge øyrene. På grunn av veistenginga, hadde Einar O. teke på seg å få både kongelege og andre inn til Geitaryggen, der han har både naust og kai. Han leigde inn ei flott seilskute frå TYSNES, Mat hadde han og tenkt på, menyen var bakkalao av sjølvfiska fisk. Han og Magne hadde sjølve vore kokkar. Med tonar og song om 'Kyra Gjerde' var det ikkje fritt at både Svenske Kongen og Silvia vart inponerte, Her i MAURANGER er de veldig flinke å få det til (20). | | | Då sola rann over Dalafjella kom Olav med bussen for å køyra dei konelege ut til kongeskipet. Men då bussen vel var køyrd, vart det stor oppstandelse millom dei attverande, for kor var det blitt av Gislaug og Herborg? Ingen kunne sikker gjera rede for kor tid dei sist var sedde. Då kunne Olav Gjerde fortelja at han hadde sett to på ein tandemsykkel på full fart inn i Jondalstunnelen. Då utbraut Oddny:” Guppa Noa, eg hadde so nesten sakt ……”(21) Oddny heiv seg på sin eigen sykkel og sette avgarde inn i tunnelen. Ho song medan ho sykla for der var så flott akustikk i tunnelen. Etter to kilometer og fire songar fann ho dei to som sat og åt Gislaug sine mjølkekaker i ei nisje. Herborg var tørr i halsen og spurde om ho hadde med seg noke å drikke. Oddny drog fram ei flaske og baud fram. (22) | | | | | | | | | | | | | | | | | | Tidlegare historier: | | | Kåre Bakke (21) Anny Øvrehus (20) Einar Onarheim(19) Gitle Onarheim (18) Anders Gjerde (17) Johs. Bondhus (16) Harald Solheim(15) Jakob Gjerde (14) Anny Øvrehus(13) Gunvor Hove(12) Barbro Maria Gjerde(11) Jannicke Næs (10) Anette Furuberg(9) Eva Sundal (8) Helga Leikvoll (7) Evald Storaas( 6) Inger Lise Bondhus (5) Kenneth Bondhus(4) Linn Øyre(3) Johs. Bondhus (2) Ottar Eide (1) | | | | | | | |
| |
| 17.05.2012 | Nasjonaldagen i bilete | | Grå men mild 17.mai i Mauranger | | Les meir | 16.05.2012 | Folkemusikk i Olaløo | | Kom og dans | | Les meir | 16.05.2012 | Ivrig dugnadsgjeng ved Oppvekstsenteret | | Reint og fint til 17.mai | | Les meir | 14.05.2012 | Bygdamøte i Samfunnshuset | | Møt opp søndag 20.mai og sei di meining | | Les meir | |
 |
| | |