Æ.M. Bygdalag - www.mauranger.no Framsida

Ænes og Mauranger Bygdalag

Ænes og Mauranger Bygdalag vart skipa i 1984 med det formål å vera eit samlande organ for bygdene, og arbeida for generell bygdeutvikling. Laget vil jobba for å styrka busetnad, arbeidsplassar og trivsel, og fokusera på samhald og samarbeid mellom bygdene. Me håpar denne websida kan vera med å bidra i så måte.
 

Styret 2012 

Namn                            Verv                Mobil     

 

Ottar Eide                    Leiar               900 67577

Anders G Gjerde           Nestleiar          99231943

Jarle Øvrehus               Styremedl         94351584

Trygve Fredheim           Kasserar            907 50531

     

Kontaktpersonar:

Kjøkennemd                   Sigrun Fredheim         534 84170

Arrangementnemd           Sunniva Tveito           992 57155

Turnemd                        Olav Gjerde               534 84143

Revynemd                       Eva Sundal                 917 03511

 

Vedtektene til laget her

 
 

Har du ei sak du meiner bygdalaget burde ta tak i, idear om arrangement, eventuelt ynskjer du å leiga samfunnshuset eller P.A anlegget? Ta kontakt med ein i styret, eller send ein e-post til:  bygdalaget@mauranger.no

 

 

Medlemspengar for 2012 er kr 100 for vaksne og kr 50 for barn.

Familiekontigent kr 250 (Maks kontigent per familie).

Støttemedlemer hjarteleg velkomne. 

Giro for betaling finn du her 

Støtt bygdalaget via grasrotandelen, les meir her

Bygdalaget vil leggja ut årsrapportar og referat frå årsmøte og styremøte slik at medlemene lett kan følgja med aktiviteten i laget. Dette vil gjere det lettare for fleire å engasjera seg, og koma med innspel til nye og gamle saker.

 

 Årsrapport             Årsmøtereferat                  

    2005                      2005                        

    2006                      2006                        

    2007                      2007                     

    2008                      2009   

    2009

    2010 

    2011                     2011              

 

                                                                 

Nemder

Bygdalaget har fleire nemder som kvar på sin måte utfører viktige oppgåver.

 

Kjøkennemda har ansvaret for vedlikehald og fornying av bygdalaget sitt kjøkenutstyr som er plassert i samfunnshuset. Utstyret blir brukt ved større tilstellingar for bygdafolket eller leid ut til andre i lukka lag. Utstyret innber bl.a industrioppvaskmaskin, to komfyrar, bord, stolar og dekketøy til 100 personar.

 

Turnemda inspirerer bygdafolket til å koma seg opp av sofaen og ut på tur. Kvart år merkar turnemda opp nye turløyper geografisk spreidd med ein tur i kvar bygd. Ofte legg ein bygdalagsturane til der det knytter seg ein historie, og minst tre av turane skal vere så lette at borna kan gjennomføre dei. Premiar vankar på 17.mai for turglade ungar og sprekingar som fullfører alle turane.

Blei du inspirert til å gå tur? Følg lenka til årets turar her 

 

Turgjengarar 2011

Turgjengarar 2009      Turgjengarar 2008      Turgjengarar 2007     Turgjengarar 2006

 

                                    

  

Arrangementnemda skal bidra til at folk i alle aldrar har tilfredstillande kulturtilbod i bygdene. Bygdalaget har ein strategi om å få denne nemda meir aktiv framover ved å utvida nemda med fleire inspirerte medlemmer.

 

Revynemda er ei tildels sovande nemd som våknar til liv foran kvar haustfest. Då er det armar og bein ein hektisk periode før premiere på hausfesten. Aktørane pustar ut og nemda legg seg til å sova att.

Revygruppa i bygdalaget sto første gang på scenen i 1991, og har såleis eksistert i 20 år. Fleire av medlemane har kurs i regi, manuskript, lyd, lys og sminke.

 

Webnemda skal sørga for at denne sida til ein kvar tid er så spanande, at

ein er innom kvar dag for å oppdatera seg. Pr. i dag er me fire i redaksjonen,

men er det nokon som har journalistisk teft eller skrivekløe, så er dei hjarteleg

velkomen til å bli med.

Det kan vera ein fordel med noko dataerfaring, men det er ikkje noko krav -

her får du full opplæring.

mauranger.no sine redaksjonelle retningslinjer.

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
  Tilbake

 

Siste nyhende
17.05.2012
Nasjonaldagen i bilete
Grå men mild 17.mai i Mauranger
Les meir
16.05.2012
Folkemusikk i Olaløo
Kom og dans
Les meir
16.05.2012
Ivrig dugnadsgjeng ved Oppvekstsenteret
Reint og fint til 17.mai
Les meir
14.05.2012
Bygdamøte i Samfunnshuset
Møt opp søndag 20.mai og sei di meining
Les meir

Sponsor Lenkjer
Olaløo
Statkraft
Tore Vevik
Lio Sag & Treforedling
Norsafe
Gjetingsdalen Kraft AS
Dalelvo Kraft As
Lokalavisa Grenda
Sjøtroll havbruk as
Gjerde Kraft
Mauranger Stein
IDrift
Dynamiske websider utvikla av iDrift AS - Design: Ibox AS
Sidekart