Les i boka! - www.mauranger.no Framsida

Gjestebok

Her kan du fråtse deg med alt som lesarane våre har på hjarta.
Denne sida er open for det meste og for dei fleste. Om det er ros, litt ris, kjøp, salg, ei sjeldan god kakeoppskrift du meiner andre burde prøva, eller rett og slett ei helsing til redaksjonen, vener eller kjente.
Her har du i alle høve ein unik sjanse til å få det publisert. Kos deg!
 

Siste innskrift...

27.04.12

Har fått spørsmål av fleire om det var eg som fann ballongen. Det var det desverre
ikkje. Hadde vore kjekt. Det må vera ein annan som heiter Gaute.
Helsing Gaute Bondhus, Austrepollen

 

20.04.12

Tusen takk Gaute, som fant teddynaut ballongen vår. Vi er veldig takknemelig for
stor leteinnsats.  
8.trinn slåtthaug skole, Bergen

 
17.04.12

Har nokon funne vérballongen vår?
I dag sende elevane mine opp ein vérballong frå Bergen, med ein boks med blant anna
eit lite videokamera i. Me har ein GPS-tracker i boksen, og det viser seg at han i
skrivande stund ligg og flyt i fjorden rett nord for Varaldsøy. Det er lite batteri
at på GPS\'en, så det spørs om det varar over natta. Dersom nokon finn dette
utstyret, eller høyrer om nokon som har funne det, så er eg veldig interessert i å
høyra frå dykk! Vérballongen kan gå ganske høgt, omlag 30 000 km, så me er veldig
spente på å sjå filmen :)
Signe Sandvik, Bergen

 

06.04.12

Ottar!
Fin los artkkel:-)
Mvh
Roar Kyvik, Tysvær

 

04.04.12

Jeg vil gjerne ønske alle venner, kjente og familie en riktig God Påske!
Stor var min overraskelse da jeg nylig bestilte en 6 timer lang italiensk film som
heter \'La meglio gioventu\'\' (The best of youth) og så forfilmen med klipp fra
Furebergfossen og jeg tror sagbruket på Ænes? Navnet Terje Enes ble ropt opp mens
arbeiderne på sagbruket ble betalt.Der var scener fra en gammel lem, jeg antar på
Ænes?  Det blir spennende å se hvor mye som vises derfra i den virkelige filmen!
Kanskje også fra andre steder i Mauranger? Noen som har sett filmen? Den ble filmet
i ca 2003. Noen fra Mauranger og Ænes som var med i filmen? 
Bente Braathun Tarantola, California

 

30.03.12

Kjekt å lesa Ottar sitt innlegg om losen sin kvardag, kanskje eit av dei mest utfordrande og spennande yrke som fins, med stort ansvar. Mange har problem med å lukeparkera bilen sin i trafikken, losen skal 'parkera' ein båt som kanskje er to-tre hundre meter lang i tett trafikk. Særleg kan nok den aukande lystbåtflåten vera ein prøvelse, då mange av dei ikkje har peiling på sjøvegsreglane.

 

Ein sjelden gong gjekk det gale, ein los køyrde oss opp på ein sandbanke utanfor Holland, me hadde ti taubåtar for å dra oss av.Tenkte å skriva litt om kva forhold me på 'den andre sida', dvs båten som tok los,hadde til losane. Enten me hadde vore på havet i eit par dagar eller to-tre veker,så var losen den første me fekk kontakt med når me nærma oss land. Standardspørmålet var: Når får me losen? Det var avveksling i kvardagen, mange hang på rekka då og skulle sjå når losen borda, det var litt spennade når losbåten kom opp på sida i full fart, kanskje i grov sjø og slingring. Klarar han entra losleideren i første forsøk, eller må han ta ein runde til? På ein tankbåt i ballast kunne det vera mange meter opp leideren. (Ikkje for å skræma kona, men me såg ein som datt i sjøen eingong), han hadde hiveline på seg så det gjekk bra.

 

Min jobb var no i maskinrommet, men på frivakta var det ofte på brua og fylgja med på innseglinga, spesielt moro i hamnar der me ikkje hadde vore før. Den gong var ikkje teknikken som no, med sidepropellar og ein joystikk på brua for kjøring av maskina. Då var det maskintelegraf og direkte kjøring frå maskindørken. Nokon hamnar kunne vera reine marerittet, mest for losen og kapteinen , men og oss nede. I Europa minnast eg helst Antwerpen, med den lange elva opp og den enorme hamna som har hundre kilometer kai på kryss og tvers og sluser overalt. Båtar i hundretal i alle retningar. Der hadde me som regel fire taubåtar, og maskintelgrafen gjekk i eitt, litt forover, litt akterover, kanskje berre nokre sekundar. Der greidde me ogå tippa ein taubåt så tre mann drukna. Det kunne ta mest eit døger før me var fast i kaia.

 

Den gong tok alt lengre tid, me kunne av og til liggja for anker i fleire dagar ogventa på kaiplass. Det var mest irriterande å liggja i ro, då varstandardspørsmålet: 'Kjem ikkje den forb----- losen snart, så me kjem oss til kaia' Men det var då sjølsagt ikkje losen sin feil. Og så minnest eg ein kaptein som alltid var litt nervøs før me fekk los, og byrja ropa både i VHF radio på 'pilot,pilot' lenge før me var inne mot losstasjonen.

 

Noko som kanskje ikkje er så kjent: Norske losar var vel ansett, pg fekk jobbar i mange land. I mi tid var der m. a mange norske losar i arbeid i Suezkanalen. Dette var litt mimring om korleis eg opplevde losen for lenge sidan.

   

Johs.Bondhus,Dimmelsvik

 

25.03.12

Vil berre få sagt at det er mange gode innlegg og saker på mauranger.no.
Nett no har eg lese om loslivet til Ottar. Glimrande lesestoff! Godt skrive i ein
fin tone. Ser fram til neste \'bolk\'!
Evald Storaas, Bondhus


 

15.03.12

Jeg er innom mauranger.no nesten hver dag, og jeg må innrømme at jeg er skuffet når
der ikke er noe nytt å lese. Det har vært veldig interessant å lese om de historiske
funnene i Austrepollen, Johs sine innlegg fra krigstiden, diskusjoner i forumet,
etc.. Også ser jeg etter bilder av kjente fjes av den eldre garde, siden jeg ikke
kjenner de yngre beboerne ( dog er veldig nysgjerrig hvor de kommer fra).
Selv har jeg gjerne litt redsel for å dumme meg ut, for ikke å skrive noe som har
interesse for andre, for ikke å få respons på det jeg skriver  eller svar på spørsmål jeg måtte ha. Kanskje andre føler det litt på samme måte?
Jeg føler meg litt som en \'outsider\' siden det er 44 år siden jeg bodde der, men
er fremdeles interessert, Mauranger er ett av mine favorittsteder, jeg er litt
nostalgisk, har mange gode minner derfra.

Bente Tarantola,  Sacramento California

 

14.03.12

Takk for rettinga, Samson. Det kom eg ikkje på å sjekka i farten, burde vel visst
det, det er då vår nære slekt.

Johs. Bondhus, Dimmelsvik

 

13.03.12

Krigsminne på Mauranger .no !         

Veit ikkje om Erik Medhus var heimom i 1946. Men då var både faren og mora døde.Margrete Medhus i 1940 Johan Medhus i 1945.

Samson Øyjord, Rosendal

 

10.03.12

Kan ikkje anna enn å vera einig med Johs når det gjeld dette med å senda inn bileter og stoff til redaksjonen. Hadde håpa på fleire bileter av daglege sysslar no i dei triste vintermnd. men det har uteblitt. Skal mauranger.no vera ei sida som folk skal gidda å gå inn på så må me vera flinke til å fornya oss. Det viser seg av statistikken på diverse nettsider rundtom at kvar brukar klikkar seg vidare etter ca 30 sekund om det ikkje er noko nytt på sidene. Slik vil me ikkje ha det.

Oppfordringa frå underteikna er enkel: Har DU noko du vil sei,noko du meinar noko som helst om. Saker du brenn for. Stilige bileter, mindre stilige bileter eller rett og slett bilete av ein kvelva bossdonk. Nøl ikkje. Send inn dette til redaksjonen og me publiserer (nesten) ukritisk :-)

Tore Bondhus

Jonane

 

09.03.12

No må de skjerpa doke folkens, og skriva noke i gjesteboka. Det er gått over to
månader sidan siste innlegg, og det var det faktisk eg som la inn. Kom på banen, det
ser sikkert mange ting å dela med andre, både skjemt og alvor. Det er sikkert mange
som les sidene men dersom ein ikkje sender inn  meir enn no,så endar det snart med
at ingen giddar lesa heller. Det var for ei tid sidan oppmoda om å senda inn vinterbilete, no er snart vinteren over, men synd å seia at det har blitt for mange av dei. Der er sikkert  masse lesarar andre stader i landet og, og andre land for den del, så kom igjen folkens så me får sjå korleis de har overlevd i desse klimakrisetidene.  Og kva med eit og anna reisebilete, eller frå arbeid rundt på jorda? Ottar kan starta med eit bilde eller to frå losjobben på havet.
Beste helsing
Johs. Bondhus

 

31.12.11

Åshild Johanne og Gjøa ynskjer godt nytt år, og øver seg til nyårskonserten.
Aase og Johs. helsar og til alle kjente.

 

23.12.11

God jul og godt nyttår til alle kjente.

Helga Larsen, Lørenskog

 

21.12.11

Me vil ynskja adle, både store og små, tobeinte og fleirbeinte ei fredeleg og god julahelg.

Beste helsing Marit og Gitle i byd`n

 

19.12.11

Pilagutt vil ynskja alle i Mauranger, spesielt innbyggjarane i Nordrepollen
og Gjetingsdalen, ei Riktig God Jul og eit Godt Nytt År!
Vil takka for eit godt samarbeid i 2011.
Mvh.Kurt Sollesnes, Solesnes, 5627 Jondal
http://www.pilagutt.no/
  

16.11.11

Takkar Ænes og Mauranger Bygdalag for ein kjekk revy, god mat med dans.
Veit det ligg mykje arbeid, innsats og dugnad i ein slik flott kveld.
Tusen takk alle saman.
Helsing Øyvind Hardeland, Seimsfoss
 

10.11.11

Brua i Tveitnesvik.
Ja det har du jamen rett i, Tore. Reiser jamleg forbi der, av og til kan ein sjå ein
kar som står og pirkar i betongen med ein meisel, og så er det opphald nokre dagar
eller veker  igjen. Trudde firma hadde anbod på slike jobbar, med tidsfristar, og
går det utover den så blir det vel dagmulkt. Kanskje tar eg feil?
Johs. Bondhus, Dimmelsvik 

 

Fleire kommentarar  på brua sjå under diskusjonsforumet

 

03.11.11

Hei.

Har du ein brukt ' tripp-trapp stol ' til salgs ? Då ynskjer me å kjøpa den ;-)

Ta kontakt med Kari på tlf: 95 96 78 24

 

30.10.11

Ros til redaksjonen! Liker det nye formatet med flotte skiftende bilder!!
Bente Tarantola, California

 

24.10.11

Nei, detta går ikkje, no må historiane koma på banen igjen, det er mange som sit
inne med mykje godt stoff. må kanskje utfodring til??, Eg ventar med spenning.
Det er viktig at det kjem inn nytt stoff, både på /:FOLKEMUNNE og dei andre sidene
Anny Øvrehus, Austrepollen.

 

Redaksjonen utfordrar med dette Anny til å dele ei ny historie med lesarane og skrive vidare på vandrehistoria.

 

24.10.11

Svar til Tor Bringedal;

Eg trur at navnet Johan Nerhus skal vera Johan Mehus ( kan vel vera utydeleg
håndskrift)  Johan Mehus var fødd og budde på Mehus i Gjetingsdalen til han døde i
1945.
Anfinn Bakke, Gjetingsdalen

 

30.09.11
Vil takka mauranger.no for eit kjempefint bilde som premie.

Tusen takk!
Linn Øyre, Nordrepollen

  

20.09.11

Hei
Eg arbeider med kommunalhistorie frå slutten av 1800 talet og fram til
kommuneslamanslåinga. I følge møtereferat var ein Johan Nerhus medlem av Ænes
soknestyre på 20-talet og han møtte også som varamann til kommunestyre. Eg klarer
ikkje å knyta han til nokon gard i Ænes- sokna, finn han ikkje i folketeljingane i
1900 og 1910 og heller ikkje i nokon kyrkjebøker. Eg vil tru han var fødd mellom
1870 og 1890. Kjenner nokon til denne mannen?
Tor Bringedal

 

19.09.11

Nei det ser ut til å gå rett dass,Helge. Trudde du på Arbeiderpartiet? Det har aldri
eg gjort, og fekk rett igjen.
Johs. Bondhus, Dimmelsvik

 

19.09.11

Hei Helge.
Er redd du var litt tidleg ute med gratulasjonane. Ser nett i Kvinnheringen at nye
konstellasjonar har dukka opp.
Det er berre å beklaga at det ikkje vart som me håpa.
Evald Storaas, Bondhus

 

19.09.11

Hei.Veit ikkje heilt om redaksjonen har fått med seg att  me har fått ein ordførar, frå regionen Ænes og Mauranger.Det var på tide med ein ordførar frå indre luten og.

Helsar so mykje til Leif Sverre Enes med sigeren.

Helsing Helge Enes.

  

18.09.11

Har gått og gledd meg til den gode historien  som skulle koma frå, BÅRD Bondhus. I
disse regntunge haustdagane kunne det friska opp med litt gymnastikk for
lattermusklaturen. så kom igjenn Bård!!!!!!
Anny Øvrehus, Austrepollen

 

05.09.11

Ser at senterpartiet sponsar denne sida.Det er ein
uting at politiske parti kan sponsa ei avis side.
Då er de ikkje objektive. Helde meg vekke herifrå,
til anonsen er vekke.
Jan Lygre, Nordheimsund/Gjetingsdalen

 

Mauranger.no skal vera partipolitisk uavhengig jamfør våre redaksjonelle retningslinjer.

Annonsa frå Senterpartiet er sett inn for 14 dagar og har frå vår side kun intensjon som kjærkomne driftsinntekter til sida.  Ser at  annonsa kan misoppfattast som at me er talerøyr for eit politisk parti. Nettløysinga tillet begrensa plass for publisering av annonser. Kanskje plasseringa av annonsa i lag med næringslivsannonser framhever denne misoppfattinga. Me beklagar dersom annonsa virkar støytande på enkelte lesarar. Me vil forøvrig gjerne ha fleire annonser frå andre politiske parti.

Redaksjonen   

05.09.11

 

07.08.11

Fant ein 140l grønn avfallsdunk på rek utmed Tveitnesvikjo,torsdag 4.august
Står Hytteavfall på lokket. Er det nokon som savnar den?
Eg har den.  Ring 91858651
Gaute Bondhus

 

07.06.11

Bygdalagsturane!!!  Først vil eg gje STOR ros til Turnemda, som merkjer \'Turar\'
til oss år etter år, og ikkje minst held orden på kor mange turar me har gått. Flott
å sjå alle borna, som er blitt glad å gå. Det viser at foreldra har teke dei med frå
dei var små. DET som eg lurte på, var om det var muleg, at de kunne setja cirka tid, det tar å
gå, på same sida som står at TUREN ER MERKA.
(berre eit spørsmål)???  (Skal prøva å få opplyst ca gangtid, mvh Red.)

Anny Øvrehus, Austrepollen

 

06.06.11

HJELP! en utflytta kokk fra Mauranger
Mitt navn er Monika Bondhus, eg har fortida et STORT prosjekt på gang i Stavanger.
Vi  er med i ”Årets Matgledebedrift 2011”  som er en landsdekkende konkurransen med
om lag 100 påmeldte bedrifter. De kjemper alle om den gjeve førstepremien som er en matfaglig reise til Bocuse d’Or Europa i Belgia.
Som et ledd i konkurransen arrangeres ulike delkonkurranser hvor ”Månedens
Matgledebedrift” skal kåres.
Min bedrift, ISS Subsea7 er nominert som en av tre bedrifter som kjemper om å bli
Månedens Matgledebedrift i mai. jeg har lagt ned mye tid på å forberede de ulike
”mattemaene” som har blitt presentert denne måneden. Dette kommer selvfølgelig
gjestene til gode, og vi mener å tro at gjestene setter pris på vårt initativ.
For å gå helt til topps trenger jeg Mauranger sine stemmer. På Tines internettsider
er det mulig å stemme på de tre finalistene. Månedskonkurransen avsluttes 10. Juni.
Se link under for mer informasjon:
http://tinepamenyen.no/aretsmatglede/257606.cms?hjelp-din-favoritt-til-seier

 
tusen takk til alle som tar seg tid til dette:)
Vennlig hilsen,
Monika Bondhus
ISS Kantine - Subsea7
 
 

24.05.11

Som eg visste, og sjøl kunne sjå den syttande i Mauranger, så er der no mange flotte
foreldre med dobbelt så flotte ungar i bygda. Då me  flytta, vart det eindel
rydding, og me  fann då dette klippet i alt rotet. Syns det kan passa som ei helsing
til dykk.
Det heiter: GLEM DET IKKE.
Et barn som får mye kritikk,
lærer seg å fordømme.
Et barn som får oppleve fiendskap,
lærer seg å slåss.
Et barn som gjøres til latter,
utvikler blyghet.
Et barn som stadig får oppleve skam,
lærer å kjenne seg skyldig.
Et barn som behandles med toleranse,
lærer seg tålmodighet.
Et barn som får oppmuntring,
lærer seg fortrolighet.
Et barn som får ros,
lærer seg å sette pris på.
Et barn som får oppleve ærlig spill,
lærer seg rettferdighet.
Et barn som aksepteres og møtes med vennskap,
lærer seg å kjenne kjærlighet i verden.
Med helsing
Johs. B, Dimmelsvik

 

23.05.11

Hei
Lurte på en fottur innover Furebergdalen. Vet noen hvordan fiskeforholdene er i
dalen, og evt. hvor man kjøper kort.
Bjarte Røberg, Godvik    harahund@yahoo.no

 

22.05.11

hei Bente!! Ja, eg vart ganske sko-laus eg etter påskehelga, eg var no berre glad at
jentene ikkje rek ut fjorden. Koseleg at dei får koma saman, å læra å kjenna
kvarandre.
Kjekt at du har skrive på \'bygdesida\' Iselin, alle som har besteforeldre og andre
slektningar må senda inn i gjesteboka.

Anny Øvrehus, Austrepollen

 

22.05.11

Hei!
Vel overstått 17. mai!  Synd at den var våt, men det ser ut som den ble feiret
ypperlig likevel!  Så kjekt å se så mange bunader!! (Fra reportasjen på siden).
Ja, Anny, vi ville ha stoppet i Austrepollen og hilst på deg, men vi var litt
nervøse med bilen som \'kokte over\', følte vi måtte skynne oss tilbake til Husnes.
Men neste gang håper jeg å se deg!
Var det dine klogger som gikk til sjøs?
Bente Tarantola, California

 

22.05.11

hei
i påsken var eg hos besto og besten. der var og isabella å de :-D eg å isabella fant
på mykje ! hehe , noko me gjore , var og kryssa austepolls elva :-) første gongen
møsta isabella klogga til besto ! men eg tenkte at besto var skoen og sprong øve
elva og tok den ! det var iskaldt .. og så neste dag gjore me da samma.. men denne
gongen hadde eg tatt kloggene til besto , og då var det mykje strøm denne dagen ..
og så for klogga av meg og eg kunne ikkje springe etter den  , for det var for djupt
, kaldt og ikkje minst mykje strøm ! eg og isabella sprong til nauste til besten og
besto.. då kom stian. me prøvde og få båten til besten på sjøen , men etter ei stund
kom besto ! me sa at kloggå hennas fløyt ute på sjøen .. men hu sa at det ikkje
gjore noko ... me hadde det veldig kjekkt inne hos besten og besto den påsken :-)
det er jo ei stund sia påske no.
eg er glad for att maurangen har ei sånn side der kor mange kan skrive :-) det er
koselig og lese å mauranger er ein fin plass ..
klem iselin, Bømlo

 

22.05.11

JA, som Johs. Bondhus, så tykkjer eg det tek lang tid før me får nytt innlegg \'På
folkemunne\' Turen i Bondhusdalen kan ikkje ta slutt enno????
Anny Øvrehus, Austrepollen

 

Beklagar at historiestafetten har stoppa opp,  har sendt pinnen over til Johs. Bondhus att for å få sjå korleis turen i Bodnhusdalen utartar seg. Redaksjonen vil  følgje betre opp dei som vert utfordra i framtida. Red.

 

17.05.11

Til lukka med med dagen til både store og små i Mauranger og andre stader der denne
sida vert lest.
Ynskjer at rauedravlen spekjematen og lefsene må kjitla ganane og at dei små må få
so mykje iskrem dei berre orka. Sku dei søla litevetta eller få hål på eit buksekne
so sjedne me ikkje for da i dag. Og om ikkje solo skjine i dag so kjeme hu te å jera
da igjen før eller seinare. Da e no eit fint bunadver korso med. Beste helsing og
med gode ønsker for dagen frå

Marit og Gitle Onarheim, Godvik 

 

14.05.11

Hei.
Fann noken sko hengande i eit tre oppe ved sokkalabben,rett over brua. (Nordrepollen)
Noken som drar kjensel på dei, eller som savner dei?
Skoa henger der enda, så løp og hent!
-Linn Øyre-

 

14.05.11

Hei,hei, Benthe, koseleg å sjå at du har vore i Gjetingsdalen. Kunne vore kjækt å
helst på deg!!!! Gjøken har eg ikkje høyrt enno, men dei seier at han har ko-koa
både her og der. i dag er gulerøtene komen i jorda, SÅ no kan eg feira 17mai og kosa
meg med god spekepølse.
Anny Øvrehus, Austrepollen
 

 

13.05.11

Hadde en nydelig tur til Gjetingsdalen første mai, med flott vær og som alltid
fantastisk natur og utsikt!  Og masse mimring, selvfølgelig, viste min sønn alle
mine favorittsteder!
Hilsen til Reidun og Kjell med takk for en kjempekoselig stund og herlig oppdekning!
Vil også gjerne utrette en hjertelig takk til Knut Øyre som hjalp oss da bilen vår
\'kokte over\' i Nordrepollen. Han hadde nok rett i sin diagnose, for vi klarte oss
helt frem til Husnes!
Håper du har hørt gjøken nå, Anny, så du kan begynne på spekepølsen!!
MVH  Bente Tarantola, Sacramento California

 

12.05.11

Kor er det blitt av neste historie \'På folkemunne\'? Dersom ingen tør seg frampå,
så har eg fleire på lager.
Johs. Bondhus, Dimmelsvik


 

01.05.11

Ein flott dag  er til ende, det vel ei flott tid, som me må nyta å setja pris på.
møkka-lukt, ja det høyrer våren til, sjølv om det riv godt i nasa, enkelte gonger.
Grillen kom tidleg fram i hagen i år|, ja det  er som ein vaknar or dvalen, nett som
Bjørnen. Snart kan me koma på ein fjelltur, snøen minkar i fjellet for kvar dag.
Gauken let venta på seg, kanskje er det berre eg som ikkje har høyrt han enno??  har
difor ikkje våga meg å smaka på spekepølsa enno. men eg har iallefall kniven nyslipt
og klar, så eg skal ikkje ha høyrt mange ko-ko-koar før eg PØLSA MÅ NED FRÅ
\'VOLEN\'
Anny Øvrehus, Austrepollen

 

30.04.11

Eg vil gjerne gratulere Dalelvo kraft med offisiell opning av kraftverket. Takkarfor oppdraget med stillas under oppføring av huset.

Helsing

Stig Fredheim, Stillasutleige

 

20.04.11

God Påske til alle i Mauranger, slekt og venner ellers rundt i landet.

For min del blir det påskeafta på nattskift i Nordsjødn, Gullfaksfeltet. Olja og gass må me jo ha.

Mbh

Tore Bondhus, Gullfaks (Bondhusbygdi)

 

07.04.11

Hei!
Er av og til innom sida og les litt.  Ein ting som plagar meg er måten folk skriv
stadnavnet Ænes på.  For bygda heiter Ænes og blir skriven Ænes.  Ein ting er
kanskje at tilflytta folk skriv det på den måten som det blir uttala på, men når eg
ser Ænes-folk skrive Enes eller Enæs kjenner eg at eg blir lettare irritert!  Bygda
heiter Ænes og skrives på same måten!
Takk=)
Ænes-buar

 

05.04.11

Eg opplever ein ny kvardag når eg pendlar til Odda. Tidlegare vart ein ynskja godmorgon og god dag når ein kom i bommen. No er det eit grønt og kalt + symbol som møter ein.Eg vil gjerne retta ein takk til dei som jobba i bommen og gjorde dagen litt lysare ved å møta ein i luka. Me fekk alltid eit smil, ein god replikk eller ein god samtale. Til og med har eg opplevd å få dikt i bommen. Takk til alle i bommen.

Helsing ein pendlar.

 

17.03.11

Ser på Nyhende på Maurangersida at leiar/styre etterlyser idear og tankar frå
bygdene. Ja, dette burde i utg.pnkt. vore ein kjærkomen invitasjon, de er vel
kreative der inne....eller er de på veg å sovna slik det er blitt i andre bygder,
der ein har nok med seg sjølv!!!
Eit godt råd er: hald på lagånda, engasjementet(sloss om å få vera med på å
engasjera seg/laga til noko)dette skaper god3e bygdemiljø både utad ig innad, noko
som burde vera vesentleg i da kalda egoistiske samfunnet vi lever i. Nei, MÅRINGAR
vis kva de er - reis kjerringa!
Bergljot Bruåsdal Hesvik, Rosendal

 

15.03.11

Syns det er på sin plass å takka Odfjell Drilling, som spanderer på volleyballgruppa
nytt utstyr! Kjempeflott! Dette er noke som er sårt etterlengta, då det utstyret me
har idag har sett sine bedre dagar og er klar for utskiftning.
Me er alle veldig takknemlig for dette:)
Linn Øyre, Nordrepollen

 

16.02.11

Tenkte at dette var plassen for litt \'dagens ros\'.
Kvar tysdag i februar har dei fire jentene: Emilie, Kaia,Ida og Mathea organisert
barnetrim i gymsalen. Dette synest eg har vore eit kjempe flott tiltak. Jentene har
teke seg godt av dei \'små\' som er der for å leika og kosa seg i saman med andre.
Me vaksne har og hatt det kjekt når me sete der og pratar og ser på alle desse
flotte ungane i bygda. All ros til desse jentene som både tar seg av dei små og
ryddar/vaskar fint etter seg:-)
Barbro Gjerde, Austrepollen

 

08.02.11

Gratulerar storfiskaren Sverre Øvrehus med den svære breiflabben på 50 kilo som han fekk på garn no ein dag i Austrepollen. Det er vel omlag rekord her, men breiflabben kan verta omlag hundre kilo. Fekk du ikkje eit bilde av den? Før kasta me den utatt, men det er ein spesielt god matfisk, og iflg. ein kjenning som driv yrkesfiske ettter den, så fekk han tre gonger så mykje for den som for torsk.Det kan nemnast at diabetesmedisinen insulin vart utvunnen første gong frå breiflabben.

Johs.B

 

05.02.11

Eg er imponert over nettsida Dykk har. Dåke er flinke til å oppdatera sida, eg
fylgjer gjevnlig med. Det var me som hadde transporten ved vegstenginga før jul, det var min kollega Arne Vik som kjørte då. Eg er eigar av fartøyet, og kunne sitja i Danmark ( jobbar på slepebåt ), og fylgje med på vegoppdateringar, og var til tider lika godt oppdatert som Skipparen på Pilagutt.
KJEMPE BRA!
Legg ved nokre bilder, dessverre ikkje frå Mauranger, men frå Jondal

Bildet av Pilagutt er ved Jonaneset fyr, ved Jondal. 

Lykke til vidare med nettsida, frå ein ivrig lesar.
Mvh.
Kurt Sollesnes
Solesnes
5627 Jondal
www.pilagutt.no   

 

02.02.11

Dødssøte, koselege dvergVedder kaniner gis bort til dyreven.

Eg har fire kaninungar, to som er lysebrune og kvite, to er brungrå og kvite.

Ring Ida på tlf nr 46857973

 

31.01.11

Hei til redaksjonen!
Jeg lurte på om det er mulig å ordne det slik at man kan kommentere på bildene i
billedgalleriet?
Der er så mange flotte bilder, og av og til har jeg (og sikkert andre) lyst på mer
informasjon eller  anledning til å komme med en rosende kommentar, etc.. Ville
sikkert være artig for fotografene å få litt \'feedback\' også.
Men er det mulig? Takk for flott side!

Bente Tarantola, California 

 

Me har ikkje teknologi på plass for å kommentera dei einskilde bileta,
det ligg ikkje inne som applikasjon frå vår webleverandør.
Mulig det kan komma på plass eingong i framtida??. Føreløpig går all ris
og ros til mauranger.no/bilder mm via gjesteboka. Håpar dette var eit
informerande svar? mvh redaksjonen

 

28.01.11

Hei , eg hadde om eit spennande føredrag for klassen der eg hadde med forteljinga om
bjydlurebasen. Der mange blei nyskjerrige om kjærlighet historia. Får håpa mange får
ta del i denne gripande historia. Men kjekkaste er det og høyre historia fra besto ,
som er så god til og fortelja om han og hinkepello.
venlig helsing Iselin 11 år (Iselin Martinsen Øvrehus, Bømlo)

 

29.12.10

ei kvit jul, kaldt og slik også i romjula, fyrer med ved og kosar oss. Året ebbar
snart ut - eit attersyn på godt og vondt som snart er omme, tankar om ulikt og
planar for det nye året...men framfor alt: omtanke og ynskjer om eit godt nytt år
til dykk alle.
Bergljot, Rosendal
 

24.12.10

Ja, no er snøen komen, det ser ut som eit eventyrland her i podlen. Så no har jula
senka seg over dei fleste heimar, det er trist å sjå så mange mørke hus, det merkast
spesielt godt no med jul, for då er det ekstra
opplys både ute og inne. God jul til slekt, naboar og venner. Ein ekstra stor
julaklem går til Fjellhammar, Mosterhavn og Bjelland

Anny Øvrehus, Austrepollen

 
 

23.12.10

Hei. Kjekt å fylja med på heim bygdene sine.
Vil Ynskja alle ei God Jul og Godt Nyttår.
julehelsing frå kalde voss

Ingvild Flatebø, Voss

 

22.12.10

Mye hyggelig lesning og fine bilder på m.no !
Ønsker alle kjente og ukjente slekninger en fin julehelg !
Kåre Øyre, Valnesfjord

 

21.12.10

GOD JUL OG GODT NYTTÅR!
Til alle lesara av Maurangersida
Helsing Gaute Bondhus

 

21.12.10

Vil gjerne takke for en flott side med interessante inlegg og bilder!
En God Jul og Godt Nytt-år til familie og kjente i Mauranger!   Internettet har
jammen gjort verden mye mindre og mer tilgjengelig!!
Dere gjør en fin jobb med siden!
Bente Tarantola,  Sacramento California

 

21.12.10

~&#JULEHILSEN ~&#;~
God jul vil jeg ønske til fjern og nær.
Jeg hilser familie, og venner så kjær.
Må nyåret også, gi drømmer og tro.
På at fremtiden bringer en tid som er go\'.
Jeg ønsker med dette, en høytid så fin.
En hilsen til deg, og familien din.
GOD JUL OG GODT NYTTÅR!
Olaug Hesvik, Austrepollen
 

21.12.10

Vil ynskja alle venner og kjente ei riktig god jul og eit godt nytt år!
Linn Øyre, Nordrepollen

 

17.12.10

Til alle barna våre
Tusen takk til alle ungene våre. Dere imponerer, med kunnskap, mot og glede.
Vi voksne er så heldige som får oppleve dere på juletre-fest og andre arrangement.
Dere gir oss en glede som varer langt ut i neste år :-)
Nå håper jeg dere får en fin jule-ferie, og et godt nyttår. Og igjen tusen takk for
en flott kveld på juletre-fest. (og ellers i året).
Anette Furuberg, Fureberg

 

17.12.10

So narma me oss slutt`n på  åre. Da ser ut te å vetta kvit og fin jul i år åg . Takk
for adle fine stonde eg har hatt når eg har sete og sitt på nyhete og litt åv kvart
på maurangersiene. Lika gådt desse historiane so vette skreve utåv dei so vette
utfordra. So må de ha go jul og eg håpa atte adle og ein kvar for besøk utåv nissen
god jul
helsing

Gitle Onarheim, Godvik

 

15.12.10

Vil med dette ynskja alle kjente ei god jul og eit godt nyttår.
Det er flott med ei slik side så me \'utflytta\' kan få litt nytt heimante.
Helga Larsen, Finstadjordet

 
 

13.12.10

Eg gler meg stort kvar gong eg ser julegrana i Sundal, og synes det er flott at ein
kan få til dette i bygda vår. Håpar den kan lysa slik i mange juler framover!  
Siri Bondhus, Bondhus 

 
 

05.12.10

Det har vert mange flotte innleg frem over i år, fra kammeratreddning med
Stanganeset, Ørnebading, løpsk fotball på Sundal og for meg ikke minst Ingfrid Ø. sine tunell rapporter med bilder, dette viser oss utvandrerne hvordan det skrider frem. Tror okså Johs. B. må ha Norges fineste epler.
Hilsen Kåre Øyre, Ålgård.

 

05.12.10

Hei!
Tusen takk for kjempeflott premie i sommarkonkurransen!
Bilete har fått heidersplassen i stova mi, og no kan eg berre kaste eit lite blikk
opp på det kvar gong eg lengtar etter dei flotte fjella i Mauranger.
Vil òg ynskje alle lesarar ei fin førjulstid:-)

Hege Sætveit Eikenes, Bergen 

 

 15.11.10

Det er me som sat rundt borda i Olaløo som må få retta ei stor takk til dåke som laga i stand quiz kveld til oss. Trur alle kosa seg, og fleire av oss innsåg nok at me har forbetringspotensiale på eindel felt.. Tusen takk, håpar dette vert ein tradisjon !

Ingfrid Øyre, Nordrepollen 
 

15.11.10

Vi må få takka for at så mange møtte på quiz`en i olaløo på fredag. Rundt 40 blide og kunnskapsrike personar var ilag denne kvelden. Takk til Kjersti som opna løo og laga nydeleg suppa. Vi prøver gjerne igjen med ny quiz i januar.

Helsing Marianne og Siri

 

11.10.10

Jammen koseleg å lesa om jentene som var på tur med hønene sine, det osar av
originalt og kreativitet utanom den materialistiske tankeverda, og pluss til
\'forfatteren\' som skriv levande og presenterer slike nyhende, stå på!
Bergljot Bruåsdal Hesvik, Rosendal

 
 

07.10.10

Då Lars Olav Bondhus med fam gjekk Bygdalagsturen i Gjetingsdalen til Bråtunsknotten, fann dei eit linse-deksel til eit fotoapparat.

Type Canon, E 58 mm.

Manglar du dette, kan du ta kontakt med Lars Olav på telefon 95 70 78 18.

Redaksjonen

 
 

03.10.10

 

Redaksjonen har fått ei kjekk tilbakemelding frå Johs Bondhus som viser kor langt mauranger.no når ut i Verdsveven. Me vil gjerne dela den med lesarane våre.

 

Hei!
 Her om dagen fekk eg bevis på at sida vert lesen langt borte og, det visste me jo,
men det er veldig moro når einkvan gir seg til kjenne.

Fekk ein telefon frå Canberra i Australia, skjøna ikkje med same kva det gjaldt, men
etter litt kom det fram at det var ein nordmann som hadde lese om Halvard Kroka
under krigen. Denne karen hadde vore ombord i MTB 719 og Halvard i 715. Dei var
saman om å senka ein tysk u- båt i Hjeltefjorden, det er litt omstridd av
historikarane, men han var i allefall sikker. Han var no 88 år, hadde emigrert  i
1948 og enda arbeidslivet som skipshandlar i Sidney. Har fått mange e-post frå han,
me kjem til å halda kontakten. Han var frå øya Toska utanfor Bergen.

Johs.B, Austrepollen

 

30.09.10

Vil berre kommentera at dersom dei to karane i Tveitnesvikjo har same forhold til
fisk som dei har til pattedyr (nise), lovar dette godt for framtida til
oppdrettsnæringa

Evald Storaas, Bondhus

 

15.09.10

Hei.
Er det noken i maurangerområdet som kan spela gitar? Har veldig lyst å få til eit
gitarkurs for barn, veit om fleire som kunne tenkt seg å lære dette. Viktig at borna
får utvikla musikkinteressa si, både sangmessig og instrumentmessig.
Håpar noken kan vera så snille å hjelpe meg med dette, det hadde vore utrulig kjekt
å få til noke slikt:)
Linn Øyre, Nordrepollen

 

14.09.10

Til Alle Samen
Jeg tenke pa deres ofte og haper at alt er bra. Vi arbeider med roykerei foretning
og Thomas 16 (interessert pa musik specialt guitar) Freya 14 (like sport og social
med venner og studiering).
helsing fra Susan Andrew Thomas og Freya  

Andrew Espir

Salisbury England

 
 

03.09.10

Mange flotte bilder i Biletgalleriet, og i Sommarbiletkonkurransen, og. Gratulerer
til vinnerne!!
Bente Tarantola, California

 

25.08.10

SPELVÈR.
Har ein reinrasa spelvèr for salg, 09 modell (kvit). Dette er ein vèr som verkeleg
veit kva damene har å by på. Han er testa fri frå sjukdommar i forbindelse med
\'Friskare geit\' prosjekt. Flott vèr!!
Tlf: 93620875

 

21.05.10

Hei alle! Har i dag delt ut den første lappen med \'mauranger.no\' på. Da er
sesongen i gang og jeg håper jeg får dele ut mange til tross for aske og annen
elendighet.. Ønsker alle en riktig god sommer og mange besøkende! :))))

Mvh. Marianne Halseth, Husnes

 

19.04.10

Til alle vaksne som deltok på diskoteket:
Tusen takk for god hjelp når uforutsette ting oppstår!
Godt samarbeid!
Helsing Sunniva og Siri i arr.kommiteen

 

31.03.10

Flott dikt Olaug. Kom med fleire, eg veit du kan.
Helsing Stig Fredheim

 

29.03.10

Utruleg flotte bilde av havørna.
Godt jobba av Terje og Jan.
Helsing Gaute Bondhus,  Ænes

 

26.03.10

La vårsola varme deg enno ein gong,
og fuglane muntre deg opp med sin song.
Gløym kulda som var, og snøen som falt;
nå spirer og gror det snart overalt.
Olaug Hesvik, Austrepollen

 

20.03.10

Hei, Anfinn, ja, det var lenge siden, tenk,  1975,  takk for sist!  Joanne var i
kloster i 2.5 år når hun var veldig ung, men før hun var ferdig nonne, fant hun ut
at det ikke var noe for henne, . Etter det var hun fysioterapeut i mange år, og for
noen år siden studerte hun psykologi, og nå jobber hun som psykolog på San Quentin
fengsel, så nonne er hun ikke, nei. Skal hilse fra henne.
Hun var sååå imponert over Gjetingsdalen og Mauranger, og jeg var jo veldig stolt
over å vise henne rundt, vet du!!
Gratulerer med dagen til Aase, det er fremdeles den 19de her!
Masse hilsener fra Bente Tarantola, Sacramento California.

 

19.03.10

Hei Bente !
Ja, er ikkje den hjernen våres  utruleg. når eg les innlegga dine så dukka det opp
ein episode som eg ikkje har tenkt på sidan ein gong ca. 1975.  Du var på besøk her
i 'Dalen' og du hadde med deg ei veninne frå USA. Kanskje eg huskar litt feil, men
eg fekk inntrykk av at ho skulle bli nonna, men ville reisa til Europa som ein siste
'tenkeboks'  Eg trur at dette er siste gongen eg har snakka med deg, og det kunne
vore spennande etter så mange år å høyra korleis det gjekk med henne ? Som du er
inne på så har generasjons-klokka teke vel ein omdreining sidan du var hyppig gjest
i 'Dalen' og Mauranger.
Mvh  Anfinn Bakke, Gjetingsdalen

 

18.03.10

PS: Heia Allstars!!  Er jeg ikke litt i slekt med Tore Bondhus også, via Hesvik,
kanskje? Gratulerer med overstått, du gjør deg som blondine!
Hilsen Bente Tarantola, Sacramento California.

 

18.03.10

Hei Johs., selvfølgelig husker jeg deg,( som Johannes, de kaldte deg ikke Johs. når
du var så ung?), men du var mest ute til sjøs når jeg var der inne. Din mor var så
skjønn, alle de søskene var så koselige! Vi stoppet ofte innom og snakket med
Eikenes-Hanno, for ikke å snakke om Lidvard, når vi var i Dalen. Jeg var ofte på
Øyjord og lekte med søskenbarna dine. Jonetta på Øyre var også så koselig, av og til
var vi på besøk der inne også,  bor Sigurd der nå? Jeg har sett bilder av en liten
gutt på denne siden som likner veldig på ham! (Men kanskje jeg ikke skulle snakke
slik om dere i tredjeperson, hei til deg, Sigurd, hvis du leser dette!)
Solveig Nøttveit tror jeg ikke jeg har truffet, hvem er du datter til?

 

Ja, min far fortalte meg at de hadde eget Ungdomslag i Dalen da han var ung! Der var
12 barn på flere av gårdene der på den tiden!
Jeg vet godt om Kristi som kom til Amerika. Jeg bodde faktisk hos en av døtrene
hennes da jeg først kom hit i 1972, før jeg fikk meg jobb i San Francisco, men
hun var ikke lenger i live da. Jeg har fremdeles litt kontakt med barnebarnet
hennes, Pat, som også bor i California.
Thelma, Pat sin mor, fortalte at de hadde flere besøk av Samson Mehus(sjømann), var
han bror  av Mehus-Larsen? Han giftet seg senere med en dame fra Oklahoma og bosatte
seg der, ingen barn, tror jeg.

Nei, vi får ikke mye snø her, hvis vi får lite granne en sjelden gang, ligger den
bare en veldig kort stund, kanskje et par timer, vi hadde faktisk aldri så lite i
desember.  Men vi har mye snø i fjellene, det er der vi får vannet vårt fra, men vi
har tørke hvert 5-7 år, her er altfor mange mennesker som bruker for mye vann, man
måå jo ha grønne plener om sommeren, vet du( vi har ikke regn fra omtrent april til
oktober, så alt er veldig tørt, grunnen til alle brannene vi har om høsten).
Håper dere får vår, snart! Og takk for koselig hilsen, håper jeg ikke skravler for
mye, jeg har nettopp blitt pensjonist, så jeg har mere tid til å være på denne
maskinen!
Hilsen Bente Tarantola, Sacramento California.

 

17.03.10

Hei Bente!

Kjekt å sjå at sida vår vert lesen heilt over i 'junaiten', og særleg at me får tilbakemelding om det. Veit der er andre og som er inne, skulle ynskja fleire sendenokre ord attende.Jamen er verda blitt liten i vår tid, iallefal kommunikasjonsmessig. Ser at du etterlyser litt om slekta, kanskje du huskar kven eg er, er i alle fall din tremenning, og du var nok innom her då du budde i Sundal. Det er vel berre Arne Sundal, Per Magne Eikenes, Solveig Nøttveit og meg som er att her no av så nære slektningar, og sjølsagt Kjell,som er eit hakk nærare. Rart å tenkja på, kanskje du veit at i Gjetingsdalen var det mellom 1896 og 1920 fødde 36 syskenborn, som alle vaks opp og der du og eg er etter komarar av to av dei, Bernt og Kristi. Skulle mest vore skrive bok om den gjengen.No er det berre to som lever att. Du kan tru der var liv! Og er elles enig med deg i at det alltid var kjekt å koma til dalen, men har ikkje så mykje minne om Besto på Øyjord men mange frå Hanna og Jon på Eikenes.

 

Du spør om isen i fjorden, den er me heldigvis fri no etter at vatnet frå kraftstasjonen med ca. 40 tusen liter i sekundet held det isfritt. I dag er det helst surt , snøen ligg enno, me er lut lei den, den har lege fast i akkurat tre månader, det visst nok aldri hendt før. Kan det vera klimakrisa? De har nok betre klima, har vel aldri vore snø ved havet i Ca?

 

Eg har faktisk vore ikkje så langt frå der du bur, i 1963 kom me med ein båt frå Hawai, hadde lasta nokre hundre tonn annanas i boksar, og fylte opp med meir av alt mogleg rart iFrisco og San Pedro m. fl. Var chartra for U.S, Army for å transportera proviant og krigsmateriell til Europa. Nei, eg er ikkje så gammal at det var under krigen, men USA hadde jo svære basar i Europa under 'den kalde krigen', og har det vel kanskje enno. Lossa i  Tyskland og Frankrike. Under ein av desse turane gjekk me opp elva frå Frisco til Stockton, kanskje me og var i Sacramento. Har du høyrt om ei frå Gjetingsdalen som heitte Kristi Mehus, ho var syster til våre bestemødre og reiste til Amerika omkring 1900? Eg skal fortelja litt meir om ho neste gong. Er der andre Maurangerfolk som les sida, så gi ei attendemelding, kor hen de måtte vera på kloden.

Helsing Johs. Bondhus

 

12.03.10

Ja, det sier jeg meg virkelig enig i, kjempekos å lese! Jeg fikk også svar på ett av
spørsmålene mine om vinterværet i Mauranger!
Jeg husker også godt parafinlampen hos Besto på Bråtun, de fikk elektrisitet i
midten av femti-årene? Jeg har mine beste barndomsminner fra Dalen.  Jeg kan
fremdeles kjenne den herlige duften av bjerkeveden når vi steg i land på kaien, og
jeg husker med glede den 'lange' Dalaveien, og de kalde dukkertene i Langehølen
og turene til fjells,  herlig røykesild og kalde poteter til kvelds etter vi kom
med båten sent om kvelden, uforglemmelig. Også dansene i skulehuset var kjempegøye!
Masse mimring!
Takk til Eva for hilsen!
Mvh Bente Tarantola.

 

12.03.10

Kjempekoselig å lesa intervjuet dåke har gjort med Svanhild. Slike BYGDSDRØSAR kan
det godt bli fleire av. 
Olaug Hesvik, Austrepollen

 

10.03.10

Hei, slektninger og gamle kjente!
Er det noen som vet når det sist var så kaldt og så mye snø i Mauranger( og ellers i
Norge, for den saks skyld)?? Jeg vet at i begynnelsen av forrige århundre reiste man
med hest og slede over fjorden på isen. Har fjorden frosset over i år? Fryser den
mindre de siste årene pga mindre feskvannstilførsel eller fordi det bare er
varmere(til vanlig)?
Jeg er inne på denne siden nesten hver dag, folk skriver ikke så mye lenger!
Jeg har en slik 'soft spot' for Mauranger, jeg synes det er den flotteste
plassen på jord! Det er bare leit at jeg er så langt vekke, så jeg får ikke sett
den ofte nok!
Jeg bodde ett år på Sundal for over 40 år siden. Jeg lurer slik på hvem alle disse
'nye' Bondhus'ene, Sundølingene og Øyrefolka er, de som er yngre enn 40-45 mener
jeg, jeg vet jeg er i slekt med mange. Jeg synes dere burde sette opp en liste med
alle navn i fjorden, hvem de er gifte med, hvem som er foreldrene deres( og
besteforeldrene?) og hvilken gård de kommer fra,etc, kan dere gjøre det for å
tilfredstille min nysgjerrighet(hmm)???
Ellers så synes jeg at dere må skrive oftere i Gjesteboken.  Håper noen vil svare
meg, kanskje en av slektningene mine?? (Spesiell hilsen til Kjell og Reidun i Dalen.)
Hjertelig hilsen Bente (Braathun) Tarantola.  Sacramento, California

 

PS
Jeg ville også gjerne si at jeg er imponert over alle de flotte bildene som er på
siden, mange gode fotografer!!  Jeg koser meg virkelig når jeg ser på dem. 

 
 

07.03.10

Hei.

Om det skrantar i vedskjulet, fortvil ikkje. Eg har framleis litt ved for sal om nokon kjem i 'puttlo';-)

Gje ein lyd på tlf: 476 20 215 eller send meg ein straumpost på: tore.bondhus@knett.no

Mbh Tore Bondhus

 

13.02.10

Hei Gunnar Audun!
Gratulerer hjerteligst med vel overstått 60 årsdag. Håper du hadde en fin dag! Fint
bilde av deg og barnebarnet. Ha det godt.
Hilsen fra din kusine i Stavern

 

23.12.09

Ønsker alle slektninger i Nordrepollen , Austrepollen og Enes en fin julefeiring og
et miljøvennlig  nytt år !
Kåre Øyre, Valnesfjord

 

20.12.09

Me vil ynskja alle saman ei riktig god jol
og eit godt nyttår.
Helsing Olav Johan, Helge og Astrid, Voss

 

19.12.09

Vil ynskja alle saman ei riktig god jul !
Linn Øyre, Nordrepollen

 

19.12.09

Vil ønska alle kjente ei riktig god jul,og gode ønsker for 2010.

Nina Enes Kristoffersen, Stavanger

 

19.12.09

Å få julahelsingar er alltid kjekt, sjølv om dei er satiriske eller seriøse!
Johs. på Flåto har sin spesielle 'snert', til morro for nokon og ærgelse for andre!
Miljøproblemer kan vera så mykje, men eg får seia som som bonden sa til bymannen:
møkja ein ser og luktar er ikkje den verste, men sjølvsagt gale nok!  Potetekaker er
godt, bløytelefser med og rikeleg med natron og anna....eg lurer på kva Johs. skal
eta i jula som skal ta omsyn til miljøet - og han skal vel berre bruka el. straum -
antar eg, for co2 slepper dei vel neppe ut - sjølv om liane står tett i tett med god
fyringsved.
Eg skal fyra med ved, (brukar minimalt med straum), potetekaker har eg så vidt
smaken i huset, men 100 bløytelefser har eg laga, og ein god ven spanderte godt
gammaldags juleøl, og anna heimelaga vidareforedle har eg i frysen, jau, eg gler meg
på ei roleg julehelg med godt plassert i ovnskroken og forhåpentlegvis ei ny bok til
jul.
Da sama ynskjer eg for fleire - god julehelg!
Bergljot,    Volden - Rosendal

 

18.12.09

Klimakrise?
Er lesarane av Maurangersida oppteken av klimaet no i desse kalde vinterdagane?
Går utfrå at de føl med på kva som går føre seg i Københamn, der Noreg har sendt
ikkje mindre enn 150 personar på møte, totalt er der visstnok over tjue tusen. Frå
Noreg kom Stoltenberg, som tar privatflyet sitt for å gjera sitt for å spara, og
supernaivisten Erik Solheim, som alltid meiner at Noreg har noko å seia. Trur nokon
at det kjem noko ut av dette med så mange ulike meiningar?

 
Men nattelivet i Køben er heftig, og spriten billeg, så dei har det sikkert
moro.Vonar dei kjem seg opp til møtetid.
Me har høyrt masse om avgifter på alt mogleg for å spara verda, men aldri eit
forslag om kva ein skal gjera med desse avgiftene.
For ei tid sidan var det ein av lesarane her,J. Holm som etterlyste tips om kva me
kunne gjera.
Eg hadde eit forslag i haust på valmøte i Odda til Kolbotn frå Raudt ,
kva ein kunne gjera som verka med ein gong.
1: Forby all chartertrafikk med fly til syden.
2: Stopp alle cruiseskip å koma hertil landet.
Han spurde meg då korleis folk skulle koma avgarde, skjøna ikkje poenget i det heile
tatt, skal ein få mindre utslepp må noko stoppast, og det er berre luksus og tull så
det er vel rette plassen å starta.Og ikkje minst all spriten ein slepp å brenna.
Ein 'seriøs' miljøvernar var tidlegare ute i media og meinte at talet på kyr og
andre dyr i landbruket måtte reduserast, då dei slapp ut for mykje tarmgass, på godt
norsk fjert. Det var nok ein skikkeleg ekspert på miljø! Same slag fjert blir nok
klimamøtet i Køben og, spår eg.
Her i Mauranger har me tradisjon for å baka potetkaker, særleg no ved joletider. Det
er kjent at for nokon kan det skapa same problemet som for dyra.
Mitt bidrag i år vert derfor å ta inn litt mindre av desse godsakene, får heller
fylla vomma med ting som ikkje er så farleg for miljøet.
God jol til alle!
 
Johs. Bondhus.
 

 

16.12.09

Ynskjer alle kjente ei god jul og eit godt nyttår.
Helga Larsen, Lørenskog

 

25.11.09

FINE  EDELGRAN
I år kan du hogga julatre sjølv i den fine julatre farmen til Ole`P på Enes.
Eller du kan bestilla eit ferdig hogge tre.
Prisen på desse fine julatreo er bare 250 pr stk!!!!!!!!!
Ring på tlf 91759074.
 

21.11.09

Eg var inne på Mauranger på wikipedia no, og la inn ein link til denne sida. Tru om
det slår ut på treff-statistikken... Det burde jo absolutt vore eit fint bilete der
og, dersom nokon har eit å legge ut!
Signe Sandvik, Bergen

 

13.11.09

Gratulerar masse, Trygve!
Aase og  Johs.

 

12.11.09

Vi vil gratulere Trygve med den flotte påskjønnelsen for sitt store arbeid lokalt og
for alle norske bønder! Dette var vel fortjent!

Kjersti og Bård

 

12.11.09

Me vil gratulera Trygve Fredheim med Kongens fortjeneste-medalje. Du har virkelig
gjort ein kjempeinnsats, dette er vel fortjent!

Linn og Knut Øyre

 

11.11.09

Gratulere til Trygve Fredheim med Kongens fortjeneste-medalje.

En så kunnskapsrik mann fortjener en påskjønnelse.
Hilsen Fam. Furuberg

 

05.11.09

Hei!
Blei ein fisketur etter torsk i Nordrepollen etter ganske lang tid, men sjølv så
seint på året syns eg det var veldig godt bet i han og han glefste skikkelig etter
agnet.
Agnar Bondhus,
Haugesund.

 

03.11.09

Ynskjer å gratulera alle i Mauranger allstars med kjempeflott innsats i
fjordaserien. Skal bli interessant å følgja med vidare!! Lukke til!
Helsing frå supporterklubben
Hilde Sundal Bjerkreim, Skånevik

 

23.10.09

I dag har me hatt ein flott fjelltur til Bondhuspytten. Det blåste ganske godt på
Fønderdalen, og inne med brea. Me fann ikkje boka, så eg går utfrå at den er henta
heim for året. Takk til Bård L som var så snill å stilte 'Selet' til å gå inn å
eta nista i.
Eg vil og nytta høvet, til å takka Turnemda, for den flotte jobben dei gjer som set
av tid å merka disse 'Turane' slik at me turgalne får metta lystene våre.

Anny Øvrehus, Austrepollen

 

12.10.09

Lurte litt på kor resultatet av sommarkonkurransen blei av.....?
Linn Øyre, Nordrepollen

 

Redaksjonen har i år som i fjor fått ein fotoklubb til å stå for  jurieringa og kåringa av vinnarbilda i Sommarkonkurransen. Me er spente på resultatet og skjønar at lesarane

og fotografane byrjar å etterlyse resultatet. Redaksjonen har purra på jurieringa

og reknar med at resultatet snart ligg føre.

(Red.)

 

12.10.09

Endeleg ein fin haustdag. Den har eg nytta til å gå bygdaturen på Ænes. Det var ein
flott tur, med den mektige Gygrastolen, som var kvit av snø, og sola skein. godt å
koma ut i naturen etter alt regnet. Så håpar eg på mildver, slik at snøen smelta i
Bondhuspytten.

Anny Øvrehus, Austrepollen 

 

12.10.09

Vil takke Ingfrid Ø. for fin rapport frå oppstarting av tunnel arbeidet i
Nordrepollen. Det er morsomt for oss utflyttere og sjå kos fremdrifta er.
Kåre Øyre, Ålgård

 

04.10.09

Hei Gunnar og Kari på Ænes
Gratulerer som Besteforeldre!!
Hilsen din Kusine i Stavern (Elisabeth Thorup)

 

29.09.09

Det vert mørkare og mørkare dag for dag. Tida er inne for å finna fram refleksane til både ungar og vaksne. BRUK REFLEKS ;-)_-

 
 
 
  Tilbake

 

Siste nyhende
17.05.2012
Nasjonaldagen i bilete
Grå men mild 17.mai i Mauranger
Les meir
16.05.2012
Folkemusikk i Olaløo
Kom og dans
Les meir
16.05.2012
Ivrig dugnadsgjeng ved Oppvekstsenteret
Reint og fint til 17.mai
Les meir
14.05.2012
Bygdamøte i Samfunnshuset
Møt opp søndag 20.mai og sei di meining
Les meir

Sponsor Lenkjer
Olaløo
Statkraft
Tore Vevik
Lio Sag & Treforedling
Norsafe
Gjetingsdalen Kraft AS
Dalelvo Kraft As
Lokalavisa Grenda
Sjøtroll havbruk as
Gjerde Kraft
Mauranger Stein
IDrift
Dynamiske websider utvikla av iDrift AS - Design: Ibox AS
Sidekart