Turstiar - www.mauranger.no Framsida

Turstiar

Turområdet kring Ænes og Mauranger er eineståande. Om ein går i lette sumarsko på god grusveg, eller om ein kliv seg opp mot høge utsiktspunkt med tung sekk, tvingar det visuelle bildet av den mektige og ville naturen seg fram.

Turane under stiller ulike krav til rørsletrening, men vil alle garantert gje deg minner å smaka på i lang tid framover.
 
Klikk på bilete for full storleik
 

Når du har vandra så langt at du ikkje orkar

gå eitt steg lenger, då har du vandra akkurat

halvvegs av det du klarar.

 

Bygdalagsturane

Turnemda gjer ein god jobb med å få bortskjemte (mhp turområdet) bygdafolk ut på tur. Kvart år merkar dei opp turtrasear som er ukjent for folk flest, og gjev oss turopplevingar til stader ein aldri hadde oppdaga forutan. Ofte blir ein leia mot stader som fortel ein historie. Tre av turane skal borna kunna meistra meir eller mindre på eigahand, og det vankar premiar på 17.mai for turglade born og vaksne. No kan endeleg fleire oppdaga dei tradisjonsrike bygdalagsturane. 

 

Bygdalagsturane 2011:                                           Merka    gangtid t/r 

Gjetingsdalen : Øyjord - Ørnhammar                           Ja             3-4t           Kart

Nordrepollen:  Markjelke - Haugen                             Ja                1t          Kart

Austrepollen: Rednedalen - Ørmerkesvatnet                Ja              5t           Kart

Sundal: Bondhus - Holmavatnet                                  Ja                7t           Kart

Ænes:  Lakseparken -  Taklihaugen                            Ja                               Kart

 
 
 

Andre turstiar

Turane merka frå T1 til T8 er teikna inn på kartet her  

 
Klikk på bilete for full storleik
Sæla ved Ænes sætra

Ænes - Sætra - VatnastølenT1

Tid: ca 45 min til Sætra, 2,5 t til Vatnastølen ein veg. 

Kategori: Passar for alle.

Turen går på god traktorveg som følgjer elva som svingar lett innover dalen.

Her er skogrikt og stille og ein føler på kroppen kor fint det kan vere  'å gå ein tur på stien og høyre skogens ro'. Vegen er velegna for sykkeltur. Innerst inne i dalen opnar landskapet seg ved Vatnastølen.

Les meir om Ænesdalen på  Kvinnherad Turlag.no

 
Klikk på bilete for full storleik
Bondhusvatnet og breen

Sundal - Bondhusvatnet - Vetledalen - Bondhusbreen   T2

Tid: 0.5 t til Bondhusvatnet og 1,5 t til Vetledalen ein veg.

Kategori: Passar for alle.

Turistar har valfarta inn Bondhusdalen sida 1800 talet for å oppleva storslått

natur. Turen er lett å gå, eller sykle på ein grusveg som ber på ei historie.

Traseen vart i si tid nytta til å frakte eksklusive isblokker ned til fjorden,

derav namnet Isvegen. Går du heilt inn til Vetledalen får du oppleva Bondhusbreen andlet mot andlet.

 
Klikk på bilete for full storleik
Frå Hovden kan du sjå breen på nært hald

Sundal - Fynderdalen - Pyttabreen   T3

Tid:  2,5 t til Fynderdalen og 3,5 t til Pyttabreen ein veg.

Kategori: Passar for alle med normal fysisk form, bratt opp lia langs elva.

Du følgjer stien rundt Bondhusvatnet som turen over, men etter du har passert bruene som tar deg over Pyttaelva følgjer du stien opp langs elva. Vel framme i Fønderldalen vil du oppleve ei idyllisk atmosfære. Brevatn fossar ned steile fjell frå fleire kantar og blir samla opp i Fønderdalsvatnet, sauebjøller i det fjerne, vinden raslar i bjørkelauvet, tida står stille!  Ein avstikkar til utsiktspunktet Hovden er naudsynt. Her ser du heile Bondhusdalen, eller du kan kikka på breen som virkar nærgåande. Turen går så vidare til Pyttabreen, Vestlandets mest bortgøymte brearm, dersom ynskeleg. 

 
Klikk på bilete for full storleik
Hidlarslistova

Sundal - Gardshammar - Breidablikk - Fonnabu   T4

Tid:  1 t til Hillerslistova,  3 t til Gardshammarsætra,  6 t til Fonnabu ein veg.

Kategori: Normal fysisk form til Gardshammar, god form til Fonnabu.

Turen er den mest nytta for å koma seg opp på Folgefonna. Ein kliv seg opp Hillerslia lettare en forventa, då Gardshammarveien, også kjent som Keisarstien, slyngar seg fram og tilbake med passeleg stigning. Eit stykke opp i lia ligg 'Hillarslistova'. Det er ein diger hedlar som er eit turmål i seg sjølv, berre 5 min frå traseen. Turen opp hit meistrar borna fint. Ved Gardshammarsætra har du ein fantastisk utsikt nedover Bondhusdalen og er ein naturlig rasteplass på vegen mot Fonnabu.  

 

Meir detaljert omtale om denne turen samt turen til Hardingaskaret  her

 
 
Klikk på bilete for full storleik
Pyttafloene på veg til Hardingaskaret

Markjelke – Hardingaskaret – Hundsøyra 1464 m o.h.   T5

Tid:   2,5 t til Hardingaskaret,  4 t  til Hundsøyra ein veg.

Kategori: Turen til Hardingaskaret krev normal fysisk form, til Hundsøyra

god form, då det blir meir stigning og ein må forventa å gå attende også.

Fantastisk utsikt utover fjorden frå Hardingaskaret.

Turen er merka med dei kjende raude T-vardane.

Beina tar deg raskt fram då det er god bergrunn å gå på i slakk stigning.   

Dette er også ein flott skitur om våren.

 
Klikk på bilete for full storleik
Det heiter seg at når Såfossen (langs traseen) livnar om våren kan ein så i jorda

Starten av den eldste rideveg over fonna: Austrepollen - Lonelia - Mysevatn T6

Tid: ca 2.5 t ein veg, T- merka.

Kategori: Normal god form, varierande stigning.

Parkering og start ved bompengebua, ein går så inn til tunnelopninga

og følgjer grusveg til venstre. Bygdafolket har restaurert deler av stien,

og lagt ned eit flott arbeid med ny bru og fleire opplysningsskilt. 

Når ein følgjer stien oppover ser ein restar etter flotte murar frå då 

ridestien vart laga. Når ein kjem til topps ved Mysevatn er det flott utsikt,

og ein kan beskua moderne murarbeid, nemleg Statkraft sin

steinfyllingsdam. Ein kan også gå vidare mot Hundsøyra og Folgefonna.

 
Klikk på bilete for full storleik
Born og vaksne trivest på tur til Katturo

Nordrepollen - Flatebødalen - Katturo T7

Tid: 1,5 t ein veg

Kategori: Passar for alle, spesiell fin tur for borna. 

Start frå Flatebø eller Træ på venstre side av grustaket. Ein går så

attmed Tveitelva innover Flatebødalen og kjem så til stølen Katturo.

 
Norddalsvatnet frå sæla i innste enden

Gjetingsdalen -  Norddalen T8

Tid: 1 t ein veg

Kategori: Passar for alle.

Starten går frå garden Bakke i Gjetingsdalen, og ein går først på traktorveg.

Når ein kjem litt innover kan ein svinga til venstre og gå utover mot

Utigardssæter og Måvatn. Fortset ein innover kjem ein til Sjåhaug, derifrå

ser ein Norddalsætra som ligg på ei lita høgd i dalbotnen, omkransa av toppar

som Solbjørg 1300moh, Djupeskardknotten i nordaust og Storafjellet i søraust.

 
 
 
Klikk på bilete for full storleik
Gygrastol

Toppturar

Er du ein av dei som samlar på toppar å bestige finn du mange gode alternativ i fjellheimen her. Desse turane kan det vere lurt å ha med kjentsfolk, for å unngå å gå i skårfestet.

Ænes - Gygrastol    1308 m.o.h

Sundal - Nipafjellet  919 m.o.h

Fynderdalshorga  1448 m.o.h  

Austrepollen - Ripelsåta 1087 m.o.h

Nordrepollen - Reppakruna 1075 m.o.h

 

Kvinnherad byr på andre populære område for fjellturar, les  her

 
 

Husk ! Lat att grindane og hald hunden i band

God tur !

 
 

Ingen kjem til fjells på ein flat veg!

Visdomsord

 

Nu er jeg staalsat, jeg følger det bud at i

høyden vandre! Mitt lavlandsliv har jeg

leved ud. Her oppe på vidden er Frihed

og Gud. Der nede famler de andre.

Henrik Ibsen

Tap for all del ikke lysten til å gå.

Jeg går meg til det daglige velbefinnende

og går frå enhver sykdom.

Jeg går meg til mine beste tanker, og kjenner

ikke en tanke så tung, at man ikkje kan gå fra den.

Når man slik fortsetter å gå, så går det nok.

Søren Kirkegaard

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
  Tilbake

 

Siste nyhende
04.02.2012
Mykje arbeid og mykje vegstenging i Bergfjelltunnelen
Arbeidet og stengetidene trer i kraft fyrstkomande måndag.
Les meir
02.02.2012
Årsmøte med midddag og bingo
Bygdalaget inviterer til samkome på fastelavenssundag
Les meir
30.01.2012
Informasjonsmøte om nye stengetider
Les meir
30.01.2012
Juniorklubb
Torsdag 2. februar kl. 17.30
Les meir

Sponsor Lenkjer
Olaløo
Statkraft
Tore Vevik
Norsafe
Gjetingsdalen Kraft AS
Dalelvo Kraft As
Lokalavisa Grenda
Sjøtroll havbruk as
Gjerde Kraft
Mauranger Stein
IDrift
Dynamiske websider utvikla av iDrift AS - Design: Ibox AS
Sidekart