Ord og Uttrykk |
| Her vil me leggja ut ord og uttrykk frå Ænes og Mauranger som held på å gå i gløymeboka. Ikkje nøl med å senda inn glosene dine slik at ungdommen kan halda på målet! |
| |
(sist oppdat. mai 2011) Ord: Alde = bølgjer etter båt Aldanstre = eit tre som ber avling, frukt eller bær Apejikk = ein person som merkjer seg ut for å vekkja merksemd i veremåte eller i klesvegen Attebera = straumkvervel rundt eit nes eller virvelstraum i eit fossestryk Attegløyma = ugift jente i gamle dagar (ungkarskvinne) Auete = bakover |
| |
Bekatråd = vert brukt til å sy lær med, t.d. sko og hestasele. Beina = ei beina er å gjera nokon ei teneste Bia = vent litt Bronk = stim med brisling, sildabronk Blengja = Blengja gjer ein når ein lagar dravle eller ost. Ein gjer det for å få kost i dravlen.I osten gjer ein det for å skilja møsa og kosten (Kjesosten) etterpå tilset ein fløyten og kokar det inn til ostemasse. For å starta Blengjinga brukar man osteløype, kan og startastmed t.d surmjølk, rømme.
|
| |
Dona = leika Donehytta = leikehytta |
| |
Einarelambsau = sau med eit lam |
| |
Favn (famn) = gamalt lengdemål, ca 1,9m. Også brukt om ved, 2 x 2 x 0,6 m Ferg = leggja noko tungt, stein, murstein o.l. oppå eit lok, på ei panne, ystekjel m.m. Firlingesau = sau med fire lam Fli meg = Gjev meg Fli seg = stella seg Fløy, bakstefløy = rund pinne til å rulla baksteleiven ut på bakstehedlo Frenka = nær slektning av kvinnekjønn Føradagen = dagen før i går Føyken = glad/ godlag
|
| |
Grynamjøl = byggmjøl |
| |
Hama seg = stella seg Hanekje = ho-, geitkje Handyvle = noko å slå med, eg jagde itte med eit handyvle Heimafølgje = medgift Hesplatre = garnvinda / skjelsord |
| |
Hoveld = 1. Eit trereidskap som vart brukt til å strama og binda fast tauet i t.d. ei høybør. Hoveld er ofte laga av ask. (Ser ut som ei lykkje.) 2. Når ein vov hadde ein mange hoveldar i vevstolen.
Hoveldshals: Her sa dei\' kjerringhals\' Då var ikkje børa lagt skikkeleg lagt på tåget. Då kunne børa siga framått nakken på den som bar og det vart vondt å bera. Når du tek på deg ei bør, høy eller ved bruker du toget rundt børa som fatler . Viss hovelda kjem heilt inntil nakken vert børa veldig vond og bera. Det vart kalla hoveldhals.
Hypja = pløya mold inn til potetstilkane |
| |
Ia, straumia = strek der straumen i fjorden går kvar sin veg på straumio. ijikt = ukvemt ilt = vondt ilag = Feks. steingarde med opning som var snar å stengja eller eit lite bergalag som ein kunne leggja nokre greiner o.l for å stengja for storfe (Ilagshaugen, Ilagsbrekko o.l.) |
| |
Innvekrok = same som klodons, men mindre, naturvaksne krokute furugreiner til å halda tofta, til spant i ein trebåt. |
| |
Jadlen = hylla Jota (jåta) = krybba til å ha høy i til dyra. Julabæra = ei ku som kalvar rundt julatider Jøring = lerreim til å ha rundt vedalasset på hestasleden |
| |
Keip = åregaffel Kjelk = kinn Kjørel = dekketøy Kjørkja = strypt, kvelt Kjøyna = kvisa Klakje = is Klodons = trerot f.eks av furu til å laga deler til trebåt, rong m.m., Knetakløyvar = ein skikkeleg gniar Knupsar = grov, turr ved til å leggja i omnen Kovna = mista pusten / kvælast Kufart = koffert Kulsa = vera kald Kvarva = lykkja av streng til å halda ei grind lukka Kvitel = ullteppe Kåneklompar = sukkerbitar, kaffisukker |
| |
Labber = strikkasokkar Landkunna = lærebok i geografi Landsydning = frålandsvind, (vind ut frå Nordrepollen) det motsatte av pålandsvind Leddik = Siderom i ei kiste, ofte med to hemmelege skuffer i botn Leiv = råemne f.eks ved flatbrødbaking, ferdig utbaka Lurk = vedaskia eller trestykke
|
| |
Mangla = ekspropiera Mankera = mangla Marispenar = ekstraspenar Maroder = sjuk, dårleg Midtgaren = mellomgolv (sau/lam) Mjåryggen = nedst i ryggen Morkjen = rote treverk Motting = gjødselkjellar Mødd = trist |
| |
Navar = bor Nybæra = ku som nett har kalva Nov = hushjørna |
| |
Orvelta = dyr som ligg på ryggen og dauar |
| |
Pòrestikka = ertekrok... Prakkjen = gjerrig Putl = småarbeid Pykla = småslåst Påk = stav, kjepp |
| |
Rebila = Ei dama som kan, veit og klarar alt Rong = fram- og bakskut på ein båt Ronsen = sint, sur Rosje = fuktig Ruspol = ein person som er tverr og vanskeleg Råsa = vindkast, vindkule |
| |
Seftar = åregaffel Selt = slag mot feks kroppen, 'eg fekk eit selt i sio...' Sirap = sirup Skinnvengja = flaggermus Skrapaslått = å slå med stuttorv rundt i skårane og ulendte stader Skråpen = lite fin Skåla = skylja Sjoarsveien = vegen til sjøen Sjondo = gravferda Smalene = sauene, j.før Smalastølen Smòlòg = fleire sauer, store og små, uttalast med open o Snerkje = hinne på grauten/kakaoen Stelte = Eit hinder ute i naturen. Til dømes eit bergalag der du ikkje kjem forbi, men lyt gå ein omveg for å koma vidare. Eit stelte er ein liten nakke eller kant der ein skal stiga opp. Det er enkelte plassar murt ei lita trapp, slik at det er enklare å stiga opp forbi steltet. Syna = visa (deg) Spybeigen = omgangsykja Spøa = trespade f.eks til å legga brødemne inn i baksteomn Skjerr = redd Skjòdna = skjodna i huset, stella det fint.... Skreia = aka (på kjelke) Skykkjeskutjen = hems i vedboda Skåthydna = øyremerke på sau, utorklypp. Småga = ei ledig stund, eller kort opphald t.d. mellom to regnbyger Snekje = kaldt i fjeset....kaldt rundt naso... Spannadravle = råmjølk som er kokt i eit spann i vannbad. Stia = gå i fjøset å gje dyra mat Stinklar = når vatnet byrjar å frysa, enten på sjøen eller ein pytt Stegakjidna = vangen på ein trestege som trinna var feldt inni Suffesant = Godt utført (arbeid), tildels overdimensjonert Svivyrsle = ringakta... han sa det so svivyrsle.... Sø = saus, sos |
| |
Tarveld = Reidskap Tassin = tefat Torebrak = tordenskrall Trylsk = umulig skjerr sau, ikkje trygg og 'ukjuren' Tråsavedlurk = halvrotten stokk Trillingesau = sau med tre lam Tviboresau = sau med to lam Tvåga = vaskefille Tøkje = er noko til å ha noko i, t.d. ei bytte, skål, mugge, kasse, stamp e.l. Tøle = ymse rot og rask Tølehove = litt rotete menneske Tåe = snøbert |
| |
Ubjådeleg feralag = dårleg oppførsel Ufs = takskjegg Ugge = fiskefinne Utongje = vanskeleg gutunge Ukjura = vrien gjentunge/ kjerring Uveta = svima av
|
| |
|
| |
Vase = ospestokk på jernboltar som torvhald på eit svaberg eller ospestokk med torv på skråberg til veg, vert også brukt som stengsel av ris. Vashammar, Vasaberg m.m er namn som kjem av dette. Vabein = Ein rull som vert festa på esinga til båten for å dra fiskesnøret på. Vadlasletta = sluddbyger Vallk = Det skautakåno festar på hovudet for å få fasong på skautet. Ei utstopning under skautet,framme i panna. Skaut er eit hovudplagg av lin som vert brukt til hardangerbunad.
Vandalaust = lett å gjera Veikryggen = nedst i ryggen, korsryggen Veisen = vil vera kar 'han var so veisen' Velende = matrøyr (på sau/lam) Velvore = da var bra Våndel = ein samanrulla 'høyball' som passa til eit måltid til eit dyr, t.d. ei ku eller ein sau
|
| |
Øyk = hest |
| |
Æring = Avling Potetene gav fin æring denne hausten.Evt. :ein båt, til dømes ein seksæring, som blir rodd med 3 par årer.
Kjelder til nokre av orda: Per Magne Eikenes, Per Flatebø, Johs. Bondhus, Lars T.Bondhus, Olaf Solheim, Bård Øyre og Samson Øyjord. |
| |
|
| |
|
| |
|
| |
Uttrykk Springa på sokkaleisten = Gå utan sko No må du pitla deg heim! = No må du gå/skynda deg heim Han le`a kje på ein uggje! = Han bevega seg ikkje Det nauda ikkje bitten! = Det skada ikkje Ka lir dagen ? = Kva er klokka? E du kråna te no? = Er du frisk no? Ho har fått vetlagledo ! = Ho ler av kvar minste ting ! Han fekk vatn på kverna = Han fekk mykje å snakka om Han e lett i hamsen ! = Han er lett til beins ! Eg e heilt maroder i kroppen ! = Eg e heilt utslitt i kroppen ( etter hardt arbeid ) Det lakkar til fant ! = Ting byrjar å bli dårleg. So kor -so ! = Uansett/ likevel Eg e i vande for pengar ! = Eg er tom for/manglar pengar I kjømdo = Kjem snart, er på veg e.l. |
| |
|
| |
Ordtøke |
| |
Det er betre å vera rævalaus enn rådlaus. Fyk opp som ein hjort og dett ned som ein lort. |
| |
Den som er med på leikjen, får smaka steikjen. Der ølet går inn, går vitet ut. Same kor ein snur seg, er enden bak. |
| |
Stadnamn: |
| |
Bårste = Bergstø Måringsnes = Maurangsnes Mjus = Mehus (Gjetingsdalen) Svalebykset i Nordrepollen: Det var ein mann som heitte Svale. Han var til fjells for å sjå til sauene, då han kom over ein bjørn som låg og åt på ein sau. Bjørnen likte ikkje å verta uroa, og kom etter Svale. Mannen klarte å hoppa over eit juv, og sidan vart det kalla Svalebykset der. |
| |
|
| |
|
| |
|
| |
|
| |
| |
|
|
|