Kontakt oss | Ænes og Mauranger Bygdalag | | 5476 Mauranger | | Redaksjon: | | Ottar Eide | 90067577 | | Eva Sundal | 91703511 | | Ingfrid Øyre | 90827540 | | Tore Bondhus | 47620215 | | Mail: post@mauranger.no |
Lenkjer |
Krigsminner frå Mauranger side 1 | Måringekarar i 'Napoleons krigane 1800-1815 av Johannes Bondhus (denne side) Måringekarar i 2 verdenskrig (DEL 5, 4) av Johannes Bondhus (side 2) Måringekarar i 2 verdenskrig (DEL 3,2 og 1) av Johannes Bondhus (side 3) Minne frå april 1940, av Ragnar Nøttveit ( side 4) | | | Måringekarar i Napoleonskrig (sjå navnelister her) For ca. tohundre år sidan, i byrjinga av 1800, var det små og store krigar og kranglar stort sett over heile Europa. Ein av sjefane for all denne djevelskapen var den franske keiser Napoleon Bonaparte. Det fekk og veldig stor verknad for oss her i landet. Me var underlagt Danmark, som var alliert med Napoleon mot m.a.Sverige og England, og det førte til at me måtte stilla med soldatar til å kjempa mot desse to, helst Sverige.Denne namnelista på 39 stk.er dei frå Mauranger som var utskrivne til desse krigane 1807-1814. Me veit ikkje om alle desse var ved fronten ved svenskegrensa, men mange var nok der, og nokon kom ikkje att, enten drepne eller døde av sjukdom. Trefningane var ikkje så voldsame, frå to-tre til tjue -tredve drepne. Mange gonger fleire omkom av sjukdom eller rett og slett fraus ihel. Mange var borte i to- tre år under harde vilkår, ein måtte vera sterk for å overleva. Medisin var ikkje oppfunnen, og det einaste 'doktorane' hadde å hjelpa seg med var kniv og sag til å saga av armar og bein med (utan bedøving) når koldbrannen vart for ille.
| | | Så litt om namna. Her kan dei som les dette, prøva å finna att sine moglege stamfedre. Eg har iallefall funne at noverande eigarar av Gjerde i Austrepollen, Jonane og Knutane på Bondhus, Kroka og Tveitnes, er direkte nedstamma frå dei som eigde garden den tid. Det er langt attende, men moro å finna ut av. Sjøl fann eg Lars Torbjørnson Mehus, som var tippoldefar til besto mi frå Gjetingsdalen, og Gotskalk Anderson Gjerde, som var oldefar til besto frå Årdal i Ryfylke. Noko godt kom det kanskje ut av krigane, Danmark måtte gi Noreg frå seg til Sverige ved freden i Kiel den 14 januar 1814. Så kom 17 mai, og resten av historia etterpå kjenner vel alle. No kan dei som er interessert ha noko å leita etter i lange vinterkveldar. | | | Og tilslutt litt frå ein rapport frå oberstløytnanten: 'Mine mend har stått under gevær i næsten 2 døgn i det forferdeligste veir, kulde, slud, og storm og i vand langt op paa benene. De ligger bestandig i de våte klederne. Vi kommer til at få mange syge.'
Johs. Bondhus, januar 2012 | | | NESTE SIDE: Måringekarar i 2 verdenskrig (DEL 5, 4)
| | | | | | | |
| |
| 17.05.2012 | Nasjonaldagen i bilete | | Grå men mild 17.mai i Mauranger | | Les meir | 16.05.2012 | Folkemusikk i Olaløo | | Kom og dans | | Les meir | 16.05.2012 | Ivrig dugnadsgjeng ved Oppvekstsenteret | | Reint og fint til 17.mai | | Les meir | 14.05.2012 | Bygdamøte i Samfunnshuset | | Møt opp søndag 20.mai og sei di meining | | Les meir | |
 |
| | |