Historiar og segner - www.mauranger.no Framsida

Historiar og segner frå Ænes og Mauranger

oppdat. 21.04.12
 

Det gjeng vel her som det titt plar ganga, Utruleg men sant. For ca.hundre år sidan hadde Gjetingsdalen sitt eige ungdomslag. Til kvart møte i laget skulle ein av medlemane skriva ein liten stubbe eller dikt i lagsboka.

Her kjem ein av dei, skriven i 1918, gjengitt som det står  i boka. Veit ikkje kven skrivaren er. då det berre er underskriven med K. Er det forresten noko som har forandra seg?

Johannes Bondhus, april 2012

 

Framtidsgrillor.

Med ljose voner det gjeng so mange,

og trur at lukka er lett er lett aa fange,

dei trur på ekteskap og kjerligheit,

men Gud skal vita dei kjem i beit.

 

Ein mann har nett fengje seg ei kona

når fyrst ei kvinna seg mann hev fanga,

daa vil ho raa seg som best ho kann,

og kommandera sin eigen mann.

 

Då vil ho styra sin baa stakk og bukse,

og mannen kallar ho tosk og ukse.

Snart vert ho vridi og sur og ser,

so mannen torkje gaa henne ner.

 

So gjeng dei olme og sturne rengjer,

den ljose voni dei hevkje lenger.

Ho er for honom so likesæl,

han gjeng med sokkar forutan hel.

 

Han tek si trøyst i det sterke vaate,

og ho maa sukka, ja stundom graate.

Snart er det fattigdom, svelt og naud,

ein vakker dag so er voni daud.

 

Han ser si kjerring vet graa i haaret,

i gamle klæ gjeng ho heile aaret,

og ymsi litor er hennar dos,

og skorni skeive og kol paa nos.

  

Og burt i tunet der bur ein granne,

hans kjerring er no so grov at banne,

Ja ho tek livet på anna lag,

og syter bert for den dag i dag.

 

Og kvar du kjem kan du høyra klage,

at kjærringar er no til berre plage,

dei berre sladrar og er til mein,

Nei takka til vera peparsvein.

 

Men hugs paa moder og aa kvendesak,

aa sjaa det rare som der ligg bak.

Det er den meining med kvendesaki,

at landsens styre skal kvendi taka.

 

Og koma med i kommuneval,

og verta fri for alt kjerringbal.

Og so skal kvendi ha større hyre,

og sitja saman i heradstyre.

 

Og mannen kasta baa blad og bok,

aa træda naali aa bøta brok,

No vil eg difor det raadet gjeva,

so peparsvein maa du alltid liva.

  

Daa kan du sova og verta feit,

og gjeva deg pokker i kjerligheit,

Ja peparsvein må du stedig vera,

um faae sorgjer du helst vil bera.

Og vil du fri deg frå kjerringkjiv,

daa maa du liva eit ugift liv!

 

Utfrå handskrifta trur eg helst at det ein gut som har skrive dette. Her var det litt både alvor og skjemt, det var nok heilt uvanleg med kvinner i kommunestyret den tid. 

 

  

Gyri Øyre

På garden Øyre i Mauranger står ei lita røykstove som var bygd i året 1624. Det seiest at ho vart reist av Heine og Gyri Øyre. Om Heine vert det fortalt at han var ein stille og liketil mann som ikkje la seg opp i strid med nokon. Når det likevel oppstod strid, kan ein ikkje skulda han, men derimot kona for det. For ho var både stridlysten, herskesjuk og så gjerrig at det var eit styggeting. På grunn av henne kom mannen i strid med grannane. Gyri Øyre var heller ikkje god å stridast med. Og dersom nokon våga det, gjekk det han sjeldan vel; for ho kunne bruka 'svartekunsten' og kunne såleis kasta den mest fæslege trolldom over dei som våga å setja seg mot henne. Derfor var det færre og færre som torde seg i strid med henne. Så til sist rådde ho både i fjellet og i fjøra som ein seier.
Dei hamnegangane som ho på det viset tvinga seg til, var utruleg store. Dessutan fekk ho ved hjelp av svartekunsten dei fem døtrene sine gifte med dei rikaste gardmannssønene i bygda jamvel om dei var mindre fine å sjå til. Ho var såleis skrekk og gru for heile bygda. Ho kunne nemleg laga trolldrikk.
Ein laurdagskveld lurte Gyri godt ein gut frå garden Flatabø. Han hadde odelsretten til farsgarden og var ein dugande kar. Gyri hadde kåra han til sin tilkommande svigerson; men det hadde nær gått gale for henne. Guten hadde nemleg blitt forelska i ei jente i Gjetingsdal, ja han hadde enda trulova seg med henne utan at Gyri hadde fått nyss om det. Men ho hadde ikkje før fått vita det, før ho var ute med sine fule planar.
Ein laurdagskveld då guten kom roande utover vågen for å besøkja kjærasten, ropte Gyri på han. Ho hadde truleg vore på utkikk etter han og ville no snakka med han. Han lydde og rodde i land. Gyri spurde: 'Vil du til Gjetingsdalen?' 'Ja, det var meininga det,' svarte han. Han ville vel ikkje vera så snill å ta ei sending med seg frå henne til ei kone derute? Jo, han skulle då det. Ja, det var noko leitt, for ho hadde det ikkje heilt ferdig enno. Men fekk han vera så snill å fylgja med heim inntil det vart ferdig. Ja, det var det ingenting i vegen for, meinte han. Gyri var i så urimeleg godt lag den kvelden, prata gjorde ho så det var reint ei lyst å høyra. Ho gav han mat og drikke, og så let ho han reisa. Men underleg nok, frå den stunda hadde han ikkje det ugifte døtrene til Gyri, og enden vart at han måtte gifta seg med henne. Det var nok slik at den drikken guten drakk den kvelden, ikkje var altfor rein.
Det hadde alt i lengre tid vore eit mindre godt tilhøve melllom Gyri og mannen hennar. Han døydde ein kveld like etter han hadde ete ein kjerneklining. Det vart derfor sagt at ho hadde forgifta han.
Det dårlege tilhøvet mellom henne og naboane vart større og større, for ho gjorde ugagn mot dei på alle tenkjelege måtar. Det vart jamvel fortalt at ho prøvde å ta solskinet frå dei. Men dette klarte ho ikkje som vel var, sjølv om ho gjorde alt ho kunne og prøvde eit par gonger.
Gyri døydde av ein ufyseleg sjukdom. Ho låg lenge sjuk. Til slutt kom ho på det at ho ikkje fekk døy før ho hadde vedkjent seg dei mange og store syndene sine for presten. Ho fekk henta presten og skrifta for han. Han fekk nok høyra mykje fælt av henne, for då han kom ut att, rista han på hovudet og sa: 'Eg har aldri tenkt at ei kvinne kunne gå så langt i synda.' Ikkje lenge etter døydde ho.

(bb/ntø) Kjelde:x 'Natur, Folkeliv og Folketro I Søndhordland' belyst ved Natur- og Folkelivsskildringer, Eventyr, Sagn, Fortællinger o.s.v. fra ældre og nyere Tid. Samlet og udgivet af Th. S. Haukenæs: Sjette Del: Kvindherred. Bergen.Kommission hos C. Floor. 1888.

 
 

Dei tre huldrene frå Bondhusdalen

Ein gong kom det tre framande kvinnfolk til Bondhus. Dei gav seg ut for fattigfolk og tigga om hjelp. Dei fekk litt pengar, og då dei hadde fått det, gav dei seg til der. Derfor vart dei spurde om dei ikkje ville vera med på arbeid, og det ville dei.
Om kvelden bad dei framande kvinnfolka om å få lov til å gå opp i utmarka og mjølka kyrne. Det fekk dei. Men då dei kom tilbake, hadde dei så lite mjølk med at folket trudde dei hadde gøymt mjølkebøttene bort i skogen og sett dei vekk til seinare. Bonden var misnøgd og sa til dei at dei ikkje skulle få gå og mjølka kyrne oftare. Då vart kvinnfolka sinte og slengde fantord etter gardsfolka og la til skogs med ein skrallande lått.
No begynte folk å ana at det var tre huldrer som hadde vore der. Det vart dei heilt sikre på då dei kom opp i skogen og skulle sjå til buskapen sin. alle kyrne var borte, kvar einaste ei. Og alt det dei leita og spurde, både hos synske kvinnfolk og hos kloke menn, var dei ikkje å finna igjen. Dei var og blei borte.
Men året etter kom dei tilbake utan at nokon kunne seia kvar dei hadde vore i mellomtida. (bb/ntø)Kjelde:x Th.S. Haukenæs: Huldrefolk og Kristenfolk. Norsk sagnskat. anden del. Granvin, Hardanger. I kommission hos C. Floor, Bergen 1906.

 

 

Guten som skremde huldrefolket

På ei sæter på Ænes i Mauranger gjekk det blant buskapen også mange huldrekyr. Likevel kunne ein ikkje sjå sæterbuene til huldrene. Dei kom derimot inn i andre sine sæterbuer og varma seg og tørka dei våte sokkane sine. Var budeiene riktig snille med dei, kunne dei ofte vera svært blide og godmodige.
Ein laurdagskevld kom ein unggut til sætera. Like utfor bua fyrte han av ein pistol. Då kan du tru det ikkje var lenge før huldrene la på dør. Sidan skal det ha gått mindre godt for guten. (bb/ntø)Kjelde:x Th.S. Haukenæs: Huldrefolk og Kristenfolk. Norsk sagnskat. anden del. Granvin, Hardanger. I kommission hos C. Floor, Bergen 1906.

 
 

Gygra som ville stengja Hardangerfjorden

Den tid Heilag-Olav for kring i landet og kristna folket og bygde kyrkjer, var det ei gygr som ville stengja Hardangerfjorden for han. Ho tok ei stor øy utmed havet og drog med seg inn i Kvinnheradsfjorden. Der slitna øya av på to stader der no Kalvsund og Mjørnasund er.
Med det same rauk gygra baklengs bort i Neslia, og der syner enno setet etter henne i berget.
Då vart ho sint og tok utetter høgaste øya og skulle sjå kva som var på ferde. Ho skjøna då at alt strevet hennar var til fånyttes, og i sinne skreidde ho seg ned over Skorpegavelen og hoppa tvers over Storsundet mellom Skorpo og Uskedalen og opp på bergheiane. Der tok ho ein stor stein og grytte han bortover Skorpefjella, og her kan ein sjå han den dag i dag. (bb/ntø)Kjelde:x Abel Segleim, 50 aar i Anton Espeland: Segn og Soge fraa Hordaland, 1933. 

 

 

Lærdølen spelar på ause

Kom på ei soge som mor mi, fødd i Store Svoldal 1887, fortalde om Lærdølen: Ein gong fela hans hadde sprukke (då han var på Furuberg, kanskje?) sette han strenger på 'madgjersauso' og spelte nesten like godt som på fela.

 (bb/ntø)Kjelde:x Nedskrive i desember 2000 av Margit Toskedal, f. 1926 på Lyngstrand. Merknad: Madgjersause = treause med langt skaft. I nynorskordboka står matgjerd - matlaging, så truleg tyder ordet ause til å laga mat med. Finn det ikkje i Kvinnherskringlo og har ikkje høyrt det brukt anna enn om Lærdølen si ause. Eit lærdølsord, som han har brukt når han fortalde om, skrytte over, 'fela han hadde laga'? For korkje Lærdølen eller andre spelemenn sette vel ljoset sitt under ei skjeppe? PR, reklame, var vel nødvendig på 1800-talet også.
 

  

Svalebykset

Det var ein mann som heitte Svale. Han var ute og skulle skyta bjørnen i Hadle. Då kom bjørnen etter han. Mannen klarte å hoppa over ei brei elv, og sidan vart det kalla Svalebykset der. (bb/ntø)Kjelde:x Stadnamn uppskrivne av skuleborn, 1946. Kvinnherad. Garden Øyre gnr. 55.3. Nordisk institutt, UiB. 

 
 

To må stubbar:

(innsendt av Jarle K.Øvrehus)

 

Han Ivar Tveitnes frå Mauranger låg med tollbui i Bergen med den vesle jaktisi. Han hadde nett lossa vedalasti si, og no gjekk han og dreiv att og frampå dekket. So var der ein kaptein på eit stort og staseleg farty attmed der.Han gjekk og spaserte på dekk. So bruka han Ivar vampe, han, som visi varden tid. Der var han attom ryggen med nevane og laga til to fodlor, som påein skjøtefrakk. So tenkte kapteinen at det laut vera ein storkar radt,dette, som gjekk med skjøtefrakk midt i vyrka. Dermed ropa han over, ogspurde kvar den mannen munde høyra heime. 'Jeg er fra Tvedenes i Mauranger,'svara han. 'Hvor meget kan dere beite på den gården?' 'To hundre bukk ogfemti par okser foruden det almindelige kvæg som fødes på gården,' svaraIvar. 'Vær so god, stig over,' sa kapteinen.So var det ein dei kalla Snikkar-Ola'en. Han var både spelar ogkjøkemeistar.

 

I eit bryllaup vart ungdomane so misnøgde. Det var so ut påmorgonsida. Dei hadde hug til å dansa, men Ola ville ikkje spela, han varulidig soleis. So kjem der inn i stova ein dei kalla Kjetil Bråtun. Han varnoko opp i åri då, men sterk som ein hest. 'Korlais æ da?' sa han, 'Æ 'anikkje i lag, spelemannen?' Dermed so ruggar han bort, tek spelaren i nakken,og held honom soleis, og so seier han: 'No må du håtta på at du æ komen iklødna på dan toftefaste mannen på Bråtun.' Jau, då laut han finna framfela, Ola'en kosser.

Kilde: Halldor Opedal, Folk or gamal tid

 
 

Den første utanlandske fonnaturisten

av Johannes Bondhus

Les historien her (pdf)

 
 

Sledefart over Folgefonnen

I et reisebrev til Morgenbladet frå Norheimsund, datert 26.juli 1888 berettes om en sledefart over Folgefonnen som 'faldt meget heldig ud'. Hvor er det muligt at foretage en slædetur under mere storartede omgivelser.

Les historien her (pdf) 

 
 

Den heilage kvite steinen (Fallosen) 

av Jarle K.Øvrehus

Historien om den heilage kvite steinen som blei funnen i ein gravhaug på Sundal ca 1850.

Les historien her (pdf) 

 

Bjødlurebasen

av Jarle k.Øvrehus

Artikkel om sagnet om Bjødlurebasen. Prøvar av beinrestar tilseier at Bjødlurebasen er frå eldre jernalder og at mordaren i sagnet difor er frikjent. Les artikkelen her

 

(bb/ntø) =  Bjørn Bjørlykke og Nils Tore Økland - Segner på nettet

Høgskulen Stord/Haugesund.

 

Redaksjonen skiftar ut segner frå tid til annan. Så følg med..

Me tek gjerne imot historiar og segner frå lesarane.

 
 
 
 
 
  Tilbake

 

Siste nyhende
17.05.2012
Nasjonaldagen i bilete
Grå men mild 17.mai i Mauranger
Les meir
16.05.2012
Folkemusikk i Olaløo
Kom og dans
Les meir
16.05.2012
Ivrig dugnadsgjeng ved Oppvekstsenteret
Reint og fint til 17.mai
Les meir
14.05.2012
Bygdamøte i Samfunnshuset
Møt opp søndag 20.mai og sei di meining
Les meir

Sponsor Lenkjer
Olaløo
Statkraft
Tore Vevik
Lio Sag & Treforedling
Norsafe
Gjetingsdalen Kraft AS
Dalelvo Kraft As
Lokalavisa Grenda
Sjøtroll havbruk as
Gjerde Kraft
Mauranger Stein
IDrift
Dynamiske websider utvikla av iDrift AS - Design: Ibox AS
Sidekart