Kontakt oss | Ænes og Mauranger Bygdalag | | 5476 Mauranger | | Redaksjon: | | Ottar Eide | 90067577 | | Eva Sundal | 91703511 | | Ingfrid Øyre | 90827540 | | Tore Bondhus | 47620215 | | Mail: post@mauranger.no |
Lenkjer |
Verteikn | | Gamle verteikn går gjerne verdamene på Tv2 en høg gong når det gjeld å spå veret. Del vertipsa dine med andre... | | | (sist oppdat. 14.01.08)
Teikn på dårleg ver i vente
| | | |
Når det legg seg ein skoddadott borte ved Bergsfjell (mellom Austrepollen og Nordrepollen) er det teikn på verskifte.
| | | |
| | | |
Longagjels-floken gjev ettermiddagsregn.
Ein skybanke over Longagjelet (ligg på Bondhus over Kolltveit ) kjem då inn frå Rosendalsområdet, og då er det på høg tid å få inn tørrhøyet.
| | | |
Når isen i Bondhusbreen er mørk på farge, blir det styggaver.
| | | |
| | | |
Når solgangsbrisen / havgula ikkje stilnar av om kvelden, blir det verskifte.
| | | |
| | | |
Flyg svala lågt blir det regn.
| | | |
| | | |
Eik før Ask blir plask (regn)
| | | |
Midtvinter 12. januar - i dag den halve vinter går, men største kulden atterstår.
Kyndelsmesse 2 februar - Denne dagen kan ein venta hardt ver, mildver er godt teikn.
Gregormesse, 12. mars - regn denne dagen, gjev regn i sju veker.
Sommarmålsdag, 14. april - frys det sommarnatta, blir det kaldt om sommaren.
Mari Vassause, 20 juli - regn denne dagen, gjev regn i mange haustveker
Mortensdag, 11. november - er dagen klår, blir vinteren hard.
| | | |
| | | |
| | | |
| | | |
Teikn på godver i vente
| | | |
Ask før Eik blir steik (solskinn)
| | | |
Ved veksande måne og fullmåne. (Følg med på kalendaren, og planlegg hageparty
på dagar som inneheld fullmåneteiknet O )
| | | |
| | | |
Blåmess, 3. februar - vind på denne dag, varslar ein god sommar.
Korsmesse, 3. mai - då skulle gauken til å gala, då vart det sommar og eit godt år.
Barsok, 24. august - er dagen klår, kan ein venta ein klår haust.
| | | |
| | | |
| | | |
| | | |
Andre verteikn
Jonsok, 24. juni - som jonsokveret er, skal haustveret bli.
Jakob Våthatt, 25. juli - veret på denne dag, vil vara ein heil månad.
Mikkelsmesse, 29. september - då kom frosten.
St.Mogens, 21. oktober - kjem eg med linnver eller regn, kjem eg sidan med hemn!
Simonmesse, 29 oktober - Denne dagen kunne ein forventa vinterver og sledeføre.
Julafta, 24. desember - julenatta med dråpar, nyårsnatta klår, det vert eit godt år.
Er det mykje rognebær blir det lite snø ( treet tåler ikkje to bører)
| | | |
| | | | | | | | | | |
| |
| 17.05.2012 | Nasjonaldagen i bilete | | Grå men mild 17.mai i Mauranger | | Les meir | 16.05.2012 | Folkemusikk i Olaløo | | Kom og dans | | Les meir | 16.05.2012 | Ivrig dugnadsgjeng ved Oppvekstsenteret | | Reint og fint til 17.mai | | Les meir | 14.05.2012 | Bygdamøte i Samfunnshuset | | Møt opp søndag 20.mai og sei di meining | | Les meir | |
 |
| | |