Sundal - www.mauranger.no Framsida

SUNDAL

Klikk på bilete for full storleik
(foto:F.Leikvoll)
 
Sundal med Bondhus er porten til Folgefonna Nasjonalpark og har vore turistmagnet i over 120 år.

 
Klikk på bilete for full storleik
Sentrum av Sundal

Hovudstaden i Mauranger

Sundal kan nok reknast for å væra eit hovudsete i Mauranger

sidan bygda har skule, barnehage og samfunnshus.

Dei fleste arbeidsplassane i Mauranger finns her, med Sjøtroll

sitt landanlegg for laksesmolt, og med oppvekstsenteret sine

tilsette. Ein del av innbyggjarane driv og med turisme som

serveringsstaden Olaløo og Sundal Camping.

Framtida for bygda er lovande, og fleire unge har kome heim att

å busett seg her. I barnehagen er det pr. i dag 11 born frå

heile Mauranger og Ænes.

 
Klikk på bilete for full storleik
Det gamle gjestgiveriet

Turistbygd og gjestgjevarstad

Allereie på slutten av 1800 talet kom turistane inn her i

hopetal. Dampskip klappa til kai med engelske og tyske turistar,

som kom for å oppleva den vakre naturen, Bondhusbreen og

Folgefonna.

Det gamle Sundal gjestgiveri  frå 1889 er ikkje lenger i drift, men

gjesteboka har mange fordums storkarar og rike byfruer

si underskrift med takksemd til eit dugande vertskap.

I byrjinga av 1860 talet blei det eksportert is frå breen til England, dette

tok slutt ettersom isen smelta før den kom fram. Sundal fekk

vegutløysing i høve kraftutbygginga i 1969.

 
Klikk på bilete for full storleik
Bondhusbreen

Fiske og friluftsliv

Bondhuselva har alltid vore ei god lakseelv, og ein tur på

fjorden gjev som oftast fangstresultat. Dersom du ynskjer meir

fysiske gleder kan du ta ein spasertur inn Bondhusdalen til vatnet

og breen. For dei som vil til topps kan det å følja den gamle ridestien

til Gardshammar, via Breidablikk til Fonnabu, garantert gjeva

turminner for livet.

 
Klikk på kart for full storleik

(Foto:©  E.Sundal ) 

 
 
 
 
  Tilbake

 

Siste nyhende
17.05.2012
Nasjonaldagen i bilete
Grå men mild 17.mai i Mauranger
Les meir
16.05.2012
Folkemusikk i Olaløo
Kom og dans
Les meir
16.05.2012
Ivrig dugnadsgjeng ved Oppvekstsenteret
Reint og fint til 17.mai
Les meir
14.05.2012
Bygdamøte i Samfunnshuset
Møt opp søndag 20.mai og sei di meining
Les meir

Sponsor Lenkjer
Olaløo
Statkraft
Tore Vevik
Lio Sag & Treforedling
Norsafe
Gjetingsdalen Kraft AS
Dalelvo Kraft As
Lokalavisa Grenda
Sjøtroll havbruk as
Gjerde Kraft
Mauranger Stein
IDrift
Dynamiske websider utvikla av iDrift AS - Design: Ibox AS
Sidekart