Gjetingsdalen - www.mauranger.no Framsida

GJETINGSDALEN

Klikk på bilete for full storleik
(foto:F.Leikvoll)
 
Eikenes, Bråtun og Bakke er no dei einaste gardane det enno er fastbuande på i Gjetingsdalen. Fleire av gardsbruka er fråflytta og blir kun nytta til fritidsføremål. Det er berre 10 innbyggjarar att i den idylliske dalen, og dei veit før som no å nytta naturressursane.





 

Vegutløysing

Dalen fekk vegutløysing i 1986. Før den tid var dei utan nært samband med grannebygdene, og den einaste ferdselsåra var med båt over fjorden.

Folketalet har gått kraftig ned, for i 1900 var det heile 92 fastbuande her.

 
Klikk på bilete for full storleik
Eikenestunet

Gardar i drift

Det første tunet me kjem til i Gjetingsdalen er Eikenes, det er eit rekkjetun

frå 1778, her har dei både sau og litt Kasmirgeiter som er med å halda

kulturlandskapet i hevd.

På Bråtun driv bonden Kjell med mjølkeproduksjon og sau.

Øvst oppi dalen driv brødrene Kåre og Anfinn gardane i saman som føretaket Bakke Samdrift ANS, dei starta med samdrift i 1974, som ein av dei første i

landet. Dei har 36 storfe, og er den største mjølkeprodusenten i Mauranger.

 
Klikk på bilete for full storleik
Minikraftverk i Gjetingsdalen

Frå kvernkall til turbin

Næringsgrunnlaget er jordbruk, men nokre av grunneigarane har gått saman

å starta minikraftverk. Gjetingsdalen kraft AS blei starta opp i 2007, og Dalelvo

kraftverk i 2010, samla produksjon for desse to kraftverka er 18.7 gwh/år.

Vatn på kvernkallen er ikkje noko ukjent for gjetingsdølen, her har opp

gjennom tidene vore fleire oppgangssager.

 

Grendahuset

Ei kvar bygd med respekt for seg sjølv har sitt eige grendahus, så også Gjetingsdalen.

I tidlegare tider vart huset nytta til skule, men no blir det brukt til ulike samkomer og gjestebod.

 

Fotturar 

Gjetingsdalen er eit ypparleg utgangspunkt for turar i skog og mark.

Her kan ein vandra opp til fleire av stølane, eller ta ein fottur over til Jondal eller Kysnesstranda. Her er ingen T merka løyper, så kjentmann er ein fordel på dei lengre turane.

 
 
Klikk på kart for full storleik
 
 
  Tilbake

 

Siste nyhende
17.05.2012
Nasjonaldagen i bilete
Grå men mild 17.mai i Mauranger
Les meir
16.05.2012
Folkemusikk i Olaløo
Kom og dans
Les meir
16.05.2012
Ivrig dugnadsgjeng ved Oppvekstsenteret
Reint og fint til 17.mai
Les meir
14.05.2012
Bygdamøte i Samfunnshuset
Møt opp søndag 20.mai og sei di meining
Les meir

Sponsor Lenkjer
Olaløo
Statkraft
Tore Vevik
Lio Sag & Treforedling
Norsafe
Gjetingsdalen Kraft AS
Dalelvo Kraft As
Lokalavisa Grenda
Sjøtroll havbruk as
Gjerde Kraft
Mauranger Stein
IDrift
Dynamiske websider utvikla av iDrift AS - Design: Ibox AS
Sidekart