Skip to main content

Kraft og anleggsbygda som har ofra litt og fått mykje att. Deriblant eit av verdas mest avanserte vasskraftverk og norges tredje lengste tunnel.

Frå bjørneskyttarar til anleggskarar

Kraftutbyggjarane kasta tidleg augo på vassdraga i indre Mauranger. Kraftutbygging snudde på kort tid det gamle bondesamfunnet i Austrepollen på ende. Bygda fekk veg, og Mauranger Kraftstasjon vart skoten inn i fjellet, stasjonen stod ferdig i 1974. Det vart også laga anleggsveg til

Rednedalen og damanlegg ved Mysevatn. Utbygginga førtetil nedgang i jordbruksproduksjonen, for mange fekk sitt daglegearbeid ved anlegget.30 år seinare intok igjen anleggsmaskinane den vesle bygda, då stod bygginga av den 11 km lange Folgefonntunnelen for tur. Den vart opna i 2001, og går under fonna til Odda. 

Gjerdetunet

Gardstun med røykstove og tradisjonelt innbu, og eit stabbur frå 1588.Tunet er spesielt kjent for sine sagnomsuste bjørneskyttarar, ogbørsene dei brukte er framleis på tunet, kvar bjørnskinna er blitt avveit ingen.

Gjerdetunet blir drive av Sunnhordland Museum, og ein får omvisning etter nærare avtale.

Siste generasjon driv framleis garden i Gjerde, og i tillegg tilgardsdrift er det starta eige minikraftverk.

Ferdavegar til Folgefonna

Den første ferdaveg over fonna gjekk frå Austrepollen, via Lonelia, Mysevatnet og Hundsøyra. Lokale krefter har rusta opp og merkadeler av stien. I dag er det mest vanleg å køyra anleggsvegen til

Rednedalen, som er eit godt utgangspunkt for ein rask og bratt tur til Fonnabu.

Ynskjer du å ta ein lengre stopp i bygda kan du kjøpa fiskekort for å prøva fiskelukka i kanalutløpet frå kraftstasjonen, eller leiga hytte hjå Anny og Sverre Øvrehus.

(Foto: © E.Sundal)