Framsida

ÆNES

Klikk på bilete for full storleik
(Foto: F.Leikvoll)
 
Bygda ligg midt mellom Rosendal og Odda, og har Hardangerfjorden og majestetiske Gygrastol (1308 moh.) som næraste nabo. Mange har funne sitt ferieparadis på Ænes.
 
Klikk på bilete for full storleik
Gygrastol

Landskapet

Bygda ligg ved munninga av Maurangerfjorden og har eit meir solrikt

og opnare landskap enn bygdene lengre inne i fjorden. Men Ænes har

likevel ein av dei flottaste fjelltoppane i Kvinnherad med Gygrastol ruvande

1380 moh. Utsikta over Hardangerfjorden og inn Ænesdalen kan få den mest

bereiste turist til å bli mållaus.

 
Klikk på bilete for full storleik
Kyrkja med Gygrastol i bakgrunnen

Ænes kyrkje

Kyrkja ligg vakkert til midt i bygda og den er oppført på

1190 - 1200 talet. Den er Kvinnherad si minste og eldste steinkyrkje,

og alle Maurangerbygdene ligg under Ænes kyrkjesokn.

Les meir om kyrkja her

 
Klikk på bilete for full storleik
Staseleg gardstun

Nye inntektskjelder

Ænesdalen er skogrik, og her har det vore teke ut tømmer i lange

tider. Sagbruksdrift har såleis vore ei viktig inntektskjelde for bøndene i

bygda, saga er fortsatt i drift til trelastproduksjon.

No er det andre inntekter som gjeld, og det er få gardsbruk i drift.

Turisme og lakseoppdrett har overteke dagsverket for bøndene, og mange

nyetablerarar pendlar til arbeidsplassar i Odda og Rosendal.

  

 
Klikk på bilete for full storleik
Enes Camping

Feriefolk og nyetablerarar inntar bygda

Ænes har alltid vore ein populær stad for hus og hyttebygging, etter

tunellen opna i 2001 har Ænes opplevd ein sterk auke i folk

som ynskjer å både feriera og bu her fast. Campingplassen utvidar

stadig vekk, og det kommunale byggjefeltet har ingen ledige tomter. 

Ænes har i dag omlag 100 innbyggjarar. 

 
Klikk på kart for full storleik

(Foto: © T.Slettebakken og E.Sundal) 

 
 
 
  Tilbake

 

Eldre nyhende
30.08.2017
Program - folkemøte om bustadtomter og veg
Laurdag 2. september frå kl. 14.00
Les meir
28.08.2017
Festdag i Bondhusdalen
Glitrande sol og glitrande humør
Les meir
18.08.2017
Førehandsrøysting
Stortingsval og Sametingsval 2017 
Les meir
12.08.2017
Folgefonna Opp og Maurangerdag
Velkomen til ein festdag i ly av Folgefonna
Les meir

Sponsor Lenkjer
Statkraft
Sjøtroll havbruk as
Lio Sag & Treforedling
Norsafe
Gjetingsdalen Kraft AS
Folgefonni Breførarlag
Lokalavisa Grenda
Gjerde Kraft
Mauranger Stein
Dalelvo Kraft As
Dynamiske websider utvikla av iDrift AS - Design: Ibox AS