 | | Statkraft sitt administrasjonsbygg i Austrepollen |
Statkraft Energi AS SG Folgefonn Statkraft Folgefonn har 2 kraftstasjonar: Mauranger og Jukla. Ved Mauranger produserer dei 1150 GWh/år og ved Jukla 80 GWh/år. Anleggsstart var i 1968, og på det meste var det 750 mann i arbeid. Det vart bygd over 50 km med vasstunellar, 50 km med anleggsvegar og 5 store steinfyllingsdammar. Aggregata vart sett i drift, og første del av anleggsarbeidet vart avslutta i 1974. Folgefonnutbygginga er den første i Norge som har eit vassinntak under isbreen. I 1978 var inntak og tunneldrift under Bondhusbreen ferdigstilt, og det automatiske spyleanlegget for breinntaket sto ferdig i 1983. Sjølve produksjonsstyringa og overvakinga av kraftstasjonane skjer frå driftsentralen i Sauda. Oversikt over dam - og tunnelsystem her (pdf) Adresse: Austrepollen Kontakt: tlf. 53 48 50 00 Nettstad: www.statkraft.no |