Folgefonna Opp |
 | | Motbakkeløp som tar deg like opp til breen. (Foto: F.Leikvoll) |
|
| |
| Motbakkeløp frå fjord til fonn |
| |
|
| |
|
| |
 | | Flott utsikt frå mål ved Gardshammar. (Foto: O.Eide) |
Motbakkeløp Ænes og Mauranger Bygdelag har inngått samarbeid med Folgefonna IL om å arrangere eit spektakulært motbakkeløp i Sundal til hausten. Løparane startar ved parkeringsplassen i Sundal og vil følgje ein trase med mykje lokal historie. Første del spring løparane på Isvegen innover Bondhusdalen. Deretter svingar løypa innpå Keisarstien med sine hårnålssvingar opp Hillarslia. Ved Garshammar ca 700 moh blir det målgang for trimklasse og mosjonistar. Eliteløparane spring vidare på turstien forbi Botnavatnet og like opp til DNT si turisthytte Fonnabu på 1450 moh. |
| |
 | | Frå hårnålssvingane i Hillarslia. (Foto: H.R.Jordan) |
Bygdalaget planlegger å kombinere Motbakkeløpet med Maurangerdag for å stimulere til ein endå større folkefest. Program kjem me tilbake til seinare. |
| |
|
| |
|
| |
Påmelding Folgefonna Opp går av stabelen lørdag 25. august, sett ring i kalenderen ! Påmeldingsfristen er 12. august, men ver ute i god tid så kan ingen ta startnummeret i frå deg. |
| |
Les meir om påmelding, løypetrassear og klassar på folgefonnaopp.no |
| |
Bli med på Folkefest i Mauranger ! |
| |
 | | Løypeprofilen bekreftar at løparane møter motbakke ! |
|
|
|
| |
|
| |
|
| |
|
| |
Kontakt: |
| |
Folgefonna IL Georg Schille E-post: g.schille@gmail.com (Grunna utenlandsreise er han diverre ikkje tilgjengeleg på mobil) |
| |
Ænes og Mauranger Bygdalag Ottar Eide Mobil: 900 67 577 E-post bygdalaget@mauranger.no |
| |
|
| |
(publ. 22.02.12, oe) |
| |
|
| |
|
| |
|
| |
|
| |
|
| |
| |
|
|
|