Kontakt oss | Ænes og Mauranger Bygdalag | | 5476 Mauranger | | Redaksjon: | | Ottar Eide | 90067577 | | Eva Sundal | 91703511 | | Ingfrid Øyre | 90827540 | | Tore Bondhus | 47620215 | | Mail: post@mauranger.no |
Lenkjer |
På “elektrisk” tur til Bondhusvatnet | Egil er på sin første tur til vatnet i elektrisk rullestol.
| | |  | | Irmelin og Egil Watnedal ved Bondhusvatnet. |
| | |
| | | |
Ut i naturen
- Å her var det flott!, seier Bergensparet Irmelin og Egil Watnedal. Dei er på tur til Bondhusvatnet for første gang, og ei spesiell oppleving er det for Egil som har køyrt i sin elektriske rullestol heilt opp.
- Det er topp å kunna komma seg ut i naturen som rullestolbrukar, og det er bra når turstiar og skogsvegar er så godt vedlikehalden at funksjonshemma kan bruka dei.
Denne turen her, og turar inn Ænesdalen er absolutt å anbefala for andre som sit i elektrisk rullestol, meinar Egil. Han legg til at det ikkje blir den same opplevinga å bli frakta ut i naturen med motorisert køyretøy.
| | | |
Bratt terreng
Eg lurer på kor flinke desse elektriske firhjulingane er til å ta seg fram i terrenget. - Dei klarar det meste, men det bør ikkje bli så bratt at stolen kan tippa bakover. Det er som oftast ikkje stigninga som er til hinder, men eit ujamt og steinete underlag, svarar Egil.
Me diskuterar om den nyrestaurerte vegen til Gardshammar, kan vera eit neste mål, og blir einig i at det kan bli i tøffaste laget for ein rullestol, sidan vegen ikkje blir grusa.
- Men det er råd å gjera eit forsøk, avsluttar Egil.
| | | |
Base på Ænes
Irmelin og Egil bur i Åsane, og har campingvogna si fast plassert på Ænes camping, der stortrivest dei begge to. - No skal me vera der i to månader i strekk, så det gjeld å aktivisera seg med utflukter, men for Egil er det sjølvsagt begrensningar, seier fru Watnedal. Ho er interessert i fiske og handverk, og kombinerer dette ved at ho har meldt seg på kurs i flogebinding.
Så var det takk for praten, og god tur heimatt!.
| | | |
| | | |
Tekst/foto: Eva Sundal | | | | | | | |
| |
| 04.02.2012 | Mykje arbeid og mykje vegstenging i Bergfjelltunnelen | | Arbeidet og stengetidene trer i kraft fyrstkomande måndag. | | Les meir | 02.02.2012 | Årsmøte med midddag og bingo | | Bygdalaget inviterer til samkome på fastelavenssundag | | Les meir | 30.01.2012 | Informasjonsmøte om nye stengetider | | | Les meir | 30.01.2012 | Juniorklubb | | Torsdag 2. februar kl. 17.30 | | Les meir | |
 |
| | |