Kontakt oss | Ænes og Mauranger Bygdalag | | 5476 Mauranger | | Redaksjon: | | Ottar Eide | 90067577 | | Eva Sundal | 91703511 | | Ingfrid Øyre | 90827540 | | Tore Bondhus | 47620215 | | Mail: post@mauranger.no |
Lenkjer |
Sauasanking med overraskelse på lur |  | | Mor og son startar heimturen. |
| | | Sist helg var det sauasanking i Øyresfjella. Veret var ikkje det aller beste, men sidan slaktebilen skulle koma rett over helga, måtte me berre køyra løpet. Dei sankarane som gjekk inne på Jukla - aust, fekk faktisk snøbyger på seg ! | | | Men dei to som skulle sanka området bak med Botnabreo fekk nok største overraskelsen. Då me kom bak Kvadneberget såg me noko lite kvitt attmed ein sau. På lang avstand trudde me det var ein hare som hadde fått på vinterpelsen i høve sluddbygene. Men då me kom litt nærare viste det seg å vera eit nyfødd lam som gjekk i lag med ei 'gjeldjymber'... | | | (Det er ingen tvil om farsskapet, for me hadde 3 gjeldjymbrar i vår som gjekk i lag med veren Tommy eitpar månadar før dei gjekk til fjells. Dei levde tydelegvis livet...) | | |  | | Vesle Sanker tutla fint etter. |
Lammet var nok 2-3 dagar gamalt, og i fin form. Den nybakte mora passa svært godt på det. Det var imponerande å sjå kor godt det føta seg nedover i røysane. Det gjekk fint over bekkane, men over eitpar elvar fekk det litt hjelp. Dåpen fann stad i Botnane, og namnet vart Sanker.. | | |  | | Godt å vera heima ! |
Godt å veta at me har fått Sanker heim til noko lunare forhold og grønare gras til ho mor. | | | | | | Tekst / foto: I Øyre | | | (Publisert 01.09.10) | | | | | | | |
| |
| 04.02.2012 | Mykje arbeid og mykje vegstenging i Bergfjelltunnelen | | Arbeidet og stengetidene trer i kraft fyrstkomande måndag. | | Les meir | 02.02.2012 | Årsmøte med midddag og bingo | | Bygdalaget inviterer til samkome på fastelavenssundag | | Les meir | 30.01.2012 | Informasjonsmøte om nye stengetider | | | Les meir | 30.01.2012 | Juniorklubb | | Torsdag 2. februar kl. 17.30 | | Les meir | |
 |
| | |