Sommarbiletet 2010 |
 | | Sommarbiletet 2010 Sauetilsyn i Gjetingsdalen. Fotograf Hege S. Eikenes. |
|
| |
| Vinnaren er kåra i fotokonkurransen |
| |
|
| |
|
| |
|
| |
Jurieringa klar Då har redaksjonen vurdert dei innkomne bidraga til Fotokonkurransen for Ænes og Mauranger, og kåra Sommarbiletet 2010. Vinnaren i år er Hege Sætveit Eikenes med biletet 'Sauetilsyn i Gjetingsdalen'. 2.plassen går til 'Bleieskurken' signert Grethe Hesvik. 'Balansekunstnar' stakk av med 3.plassen, her er Inngunn H. Golmen fotografen. |
| |
Redaksjonen har sjølv vore jury i år. Det har ikkje vore lett, men me har likevel stor sett vore einige om dei beste bileta og føler at vinnarane såleis er verdige. Dei mange solnedgangane kjempa også heilt i toppen men nådde ikkje heilt opp i avsteminga. |
| |
Korleis juryen har vurdert dei fem beste bileta kan du sjå nedanfor. |
| |
| |
| |
Vinnar Sauetilsyn i Gjetingsdalen Foto: Hege S. Eikenes Grunngjeving: Lunt og flott naturbilete med mektige fjell og klår horisont i bakgrunnen |
| |
|
| |
|
|
2.plass Bleieskurken Foto: Grethe Hesvik Grunngjeving: Artig vinkel og avgjerande at biletet er tatt på nivå med motivet. Fengande, me får lyst å følgja etter å sjå kva Bleieskurken pønskar på no. |
| |
|
|
3.plass Balansekunstnar Foto: Ingunn H. Golmen Grunngjeving: Spenstig dyrebilete der fotografen er på rett plass til rett tid. Dramatisk framheva i godt lys. |
| |
|
|
|
| |
4.plass Sjømonster i fjøra Foto: Inger Lise Bondhus Grunngjeving: Tenk å treffe på denne i fjøra, utradisjonelt og med ein tøff nærkomposisjon. Biletet kunne vore litt klårare. |
| |
|
|
|
| |
5.plass Sommermorgen Foto: Gerd Flatebø Grunngjeving: Mauranger på sitt beste, ein nydeleg sommarmorgon i Nordrepollen. |
| |
|
| |
Her er alle bidraga frå Sommarbiletekonkurransen 2010 |
| |
|
| |
Gratulerer Redaksjonen gratulerer Hege Sætveit Eikenes så mykje med seieren. Ho har vunne ei forstørring og innramming av vinnarbildet. Gratulerer også til dei andre vinnarane, Grethe Hesvik og Ingunn Hesvik Golmen. Dei kan velge mellom ei t-skjorte med bygdalagslogo eller det nye Mauranger kruset som er i produksjon. |
| |
Takk til.. Redaksjonen vil takka alle som har sendt inn bilete. Ditt bidrag har vore med og gjera fotokonkurransen til ei av dei mest populære sidene på mauranger.no. Fortvil ikkje om du ikkje kom heilt til topps denne gongen, det kjem garantert ny Sommarbilete konkurranse til neste år. |
| |
|
| |
Redaksjonen Publisert 30.08.10 |
| |
|
| |
|
| |
|
| |
|
| |
|
| |
|
| |
|
| |
|
| |
|
| |
|
| |
|
| |
|
| |
|
| |
|
| |
|
| |
|
| |
|
| |
|
| |
|
| |
| |
|
|
|