Nye turstitavler |
 | | Turstitavle montert på Markjelke |
|
| |
Turstiane gradert etter vanskegrad
|
| |
|
| |
Turstiprosjektet Kvinnherad Turistinformasjon og Kvinnherad turlag, med prosjektleiar Karen Løvfall Vaage i spissen, har i lengre tid jobba fram eit turstiprosjekt. Det overordna målet har vore å tilgjengelegjere dei mange flotte turane for besøkande og fastbuande i Kvinnherad. |
| |
Prosjektet har omfatta gradering av turstiar i heile Kvinnherad etter vanskegrad, innsamling av faktainformasjon om stiane og gjere dei tilgjengelege på internett. I tillegg er det no montert turstitavler ved starten av kvar sti med namn og gradering. Turnemda i Bygalaget har vore engasjert i prosjektet med blant anna å føreslå og beskrive turar i vår region, samt hente og montere dei nye tursti tavlene. |
| |
Gradering etter vanskegrad på nettstaden visitsunnhordland.no finn du turstiar for heile sunnhordland. Her kan du inn og lese om turane, sjå bilete samt skrive ut kart. I Kvinnherad er kan du også velge tur ut frå vanskegrad. Turane er gradert med fargekodar der Grøn er lett tur, Blå Middels Tur, Raud er krevande tur og Svart er ekspert. |
| |
Turstiar i Ænes og Mauranger som er med i prosjektet er: |
| |
Grøne turar Tursti til Bondhusvatnet og Bondhusbrea (Heilt inn til brea er gradert blå) Tursti til Juklavatnet Tursti til Ænesdalen |
| |
Blå turar Tursti til Botnabrea Tursti til Måvatn |
| |
Svarte turar Tursti til Fonnabu Tursti til Hundsøyra frå Markjelke |
| |
|
| |
Kjenn etter på kroppen og finn turen som passar for deg. God tur ! |
| |
 | | Turstitavle ved Jukla Kraftstasjon |
|
|
|
| |
|
| |
|
| |
|
| |
Tekst: O. Eide Foto. O. Gjerde |
| |
Publ. 28.08.10 |
| |
| |
|
|
|